Bestill KADA – Integrasjon for kalenderdata
- KADA henter kva du studerer eller underviser frå Felles Studentsystem (FS), og kobler dette saman med undervisingsdata frå Timeplanlegging (TP). Dette blir tilgjengeleggjort i Mine studier, og kan dyttast til din personlege kalendar i Exchange.
- Integrasjonen er hendingsbasert, så kalendarar endrast straks FS eller TP melder om at noko er blitt endra.
- Integrasjonen er utvikla på UiO, og køyrer i UiO sin infrastruktur.
- KADA er ein føresetnad for at ein institusjon skal kunne bruke Mine studier.
Tenesta du bestiller, inkluderer:
- Tilgang til KADA sitt API, som institusjonen kan bruke etter eige ønske. Det er same API-et som brukast av Mine studier.
- Tilkobling til institusjonen sin Exchange-instans, enten on-prem eller i skya.
- Rettleiing ved oppsett av tilgangar til FS, TP og evt Exchange.
- UiO drifter tenesta og sikrer oppetid og fortløpande sikkerhetsoppdateringar.
- Support frå UiO.
- Vidareutvikling frå UiO.
Pris
Priser justerast årleg etter KPI. Oppgitte prisar gjeld for organisasjonar i UH-sektoren. Organisasjonar utanfor UH-sektoren må ta kontakt for prisar.
Sjå eiga side om nye prisar frå 2024.
Nye kundar betaler i tillegg ein etableringskostnad på kr 82 000 første året (juster per år 2025). Dette er for timar som brukast på bistand og oppsett av integrasjonar for Kalenderdata.
Prisen inkluderer
- Oppsett av integrasjonen
- Tilgang til API-et til Kada
- Oppsett av integrasjon mellom Kada og Exchange, og rettleiing rundt å gje Kada tilgangar i Exchange
- Oppsett av integrasjon mot Canvas (hendingar i Kada overførast til Canvas)
- Bistand og rettleiing, blant anna rundt oppsett av tilgangar i Gravitee og Brom
- Bistand med databehandleravtale
- Tilgang til ROS-analyse gjort rundt bruk av Kada på UiO
Prisen inkluderer ikkje
- Tilpassingar og utvidingar som ikkje er støtta av Kada per no. Dette kan bestillast, og utviklast etter gjeldande timepris.
- Utvida integrasjon mot Canvas, der hendingar i Canvas overførast tilbake til Kada, Exchange etc).
- Første- og andrelinjesupport. Dette handterast best av eigen organisasjon, som kjenner brukarane.
Kontrakter
Avtaleutkast sendes på førespurnad. Avtaler signerast digitalt med DigDir si løysing for eSignering (per i dag Digipost). Avtalemalen er tilgjengeleg for gjennomsyn:
Kjøp utan anbudskonkurranse
KADA kan kjøpast utan anbud då UiO ikkje er ein kommersiell aktør og vi driv med forskingssamarbeid i heile sektoren. Generelt kan du ha sektorsalg av tenester så lenge det er leveranse av tenester innanfor staten, og det er kostnadsfordelingsmodeller som ikkje innebærer profitt (eigenregi innanfor rettssubjektet staten, og derav ikkje behov for å konkurranseutsette).
KADA er definert i kategorien «deling innad i sektoren».
Bestill KADA
Fyll ut nettskjemaet Bestilling av Kalenderdata (Kada), så kontakter vi deg med tekniske detaljer og formalia.
Du kan også kontakte oss på kada-kontakt@usit.uio.no for andre spørsmål.
Mens du venter kan du også gå gjennom kva teknisk oppsett din institusjon må gjere for å få det satt opp.
USIT tilbyr drift av Kada til UH-sektoren
Kada brukast allereie av:
- UiO
- UiT
- Innlandet
- UiB
- HiØ
- Nord
- OsloMet
- HiMolde
- UiS