Resultatet av utlysinga av midlane Universitetet i Oslo (UiO) har sett av til tidlegfasestøtte til innovasjonsprosjekt, er no klart.
11 prosjekt får inntil 400 000 kroner kvar til test- og vidareutviklingsfasen, mens 12 prosjekt får 50 000 kroner kvar til idé- og konseptfasen. Det kom inn totalt 29 søknader.
Som vanleg ligg hovudtyngda innan livsvitskap og helse med prosjekt knytte til blant anna behandling av ulike typar kreft og nevrologiske sjukdomar; sjukdom i hjarte og galle; og sopp som er motstandsdyktig mot legemiddel. I tillegg har blant anna prosjekt knytte til avfall, batteriteknologi og språk fått støtte.
Forskarar frå fem fakultet – Det matematisk-naturvitskaplege, Det medisinske, Det utdanningsvitskaplege, Det samfunnsvitskaplege og Det odontologiske – kan glede seg over tildelingar.
Sjå oversikt over prosjekt som får tildeling, nedst i artikkelen.

– Det er med stor glede eg gratulerer alle forskarane som har fått tildelt innovasjonsmidlar frå Universitetet i Oslo. Dei mange gode søknadene og tildelingane er eit bevis på det sterke arbeidet som blir utført ved UiO, og på ambisjonane våre om å fremje samfunnsnyttige løysingar gjennom forsking og innovasjon, seier Jens Petter Berg, viserektor for livsvitskap og helse ved UiO.
Han legg til at det er godt å sjå at prosjekta som får støtte, spenner over mange ulike fagområde, frå livsvitskap og helse til teknologi og samfunnsvitskap.
– Dette viser bredda og djupna i kompetansen ved UiO, og korleis forskinga kan bidra til genuin verdi og nytte i mange ulike delar av samfunnet.
Den interne innovasjonseininga ved UiO, Veksthuset for verdiskaping, har leia søknadsprosessen.

– Vi ser at fleire erfarne forskarar no òg har oppdaga nytta av å søkje den minste pengepotten for å kome i gang med arbeidet med å utforske innovasjonspotensialet i prosjekta sine. Gjennom eit forholdsvis lite støttebeløp og rettleiing frå Veksthuset, kan dei kome godt i gang med innovasjonsprosessen, seier senior innovasjonsrådgjevar i Veksthuset, Ivar Bergland, som er prosjektleiar for utlysinga.

Innovasjonsdirektør i Veksthuset, Hilde Nebb, legg til at Veksthuset ser på dette som eit teikn på at arbeid med innovasjonskultur gir resultat og når ut breitt.
Alle søkjarane får no tilbod om oppfølging frå Veksthuset i form av rettleiing som kan hjelpe dei vidare med innovasjonsideen.
– Eg håper at tildelinga bidrar til å styrke innovasjonskulturen vår vidare, og å oppmuntre til samarbeid mellom forskarar på tvers av disiplinar. Eg oppfordrar alle prosjektleiarar til å nytte seg av tilbodet om rådgjeving frå Veksthuset for verdiskaping. Ekspertisen deira kan vere avgjerande i å realisere innovasjonsideane, avsluttar viserektor Berg.
Prosjekta som er tildelt støtte i 2025
Sortert alfabetisk etter fornamnet til prosjektleiar.
Forkortingar
- MED – Det medisinske fakultet
- MN – Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
- OD – Det odontologiske fakultet
- SV – Det samfunnsvitskaplege fakultet
- UV – Det utdanningsvitskaplege fakultet
Test- og vidareutviklingsfasen – 11 prosjekt på inntil 400 000 kroner per prosjekt
Prosjekttittel, prosjektleiar, fakultet, institutt/senter
- Preclinical development and in vivo validation of a novel protein synthesis inhibitor
Carmen Herrera, MN, Institutt for biovitskap - BIO-PFAS: Modular non GMO bacterial treatment for PFAS loaded waste
Eric de Muinck, MN, Farmasøytisk institutt - Treating immune-mediated bile duct disease in vitro
Henry Hoyle, MED, Institutt for klinisk medisin - Light-activated nanoparticles for targeting small RNAs to specific neuron populations – a novel therapy for neurodegenerative diseases
Joel Glover, MED, Institutt for medisinske basalfag - Development of drugs that overcome antifungal drug resistance
Jorrit Enserink, MN, Institutt for biovitskap - New anticancer drugs
Nikolina Sekulic, MED, Institutt for medisinske basalfag - A Novel Pump for HFpEF Therapy
Ole Jakob Elle, MN, Institutt for informatikk - Computational Lead Optimization of CDK12/13 Inhibitors
Osman Gani, MN, Farmasøytisk institutt - Design and Integration of MOF-Based Membranes with Enhanced Conductivity and Durability
Petra Ágota Szilágyi, MN, Kjemisk institutt - Constructing Anti-Perovskite Analogue for Cathode InnovaTIon (CAPACITI)
Tian Dai, MN, Kjemisk institutt - A+ Words
Tone Hermansen, SV, Psykologisk institutt
Idé- og konseptfasen – 12 prosjekt à 50 000 kroner
Prosjekttittel, prosjektleiar, fakultet, institutt/senter
- prepAIr: Presentation and Response Engine for PhD defenses with AIbased Role-play
Anders Verket, OD, Institutt for klinisk odontologi - Developing an AI Tool to Recognize Normal Heart Sounds in Preschoolers
Anja Brænd, MED, Institutt for helse og samfunn - Serum biomarkers to assess response to chemotherapy in pancreatic cancer
Caroline Sophie Verbeke, MED, Institutt for klinisk medisin, - Iron binding as blocker of cellular P-uptake and growth
Dag Hessen, MN, Institutt for biovitskap - Developing a new therapeutic avenue for dementia
Hua Hu, MED, Institutt for medisinske basalfag - Probabilistic Plume Modeling for Secure Norwegian CO₂ Storage
Iman Oraki Kohshour, MN, Institutt for geofag - Skolespråk
Junyi Yang, UV, Institutt for spesialpedagogikk - realTSS – Real Time Tracking Sample System from Laboratory to Publication
Karen Utheim, MED, Institutt for klinisk medisin - Targeting the mineralocorticoid receptor to restore adipocyte function in lipodystrophies
Philippe Collas, MED, Institutt for medisinske basalfag - immUnity
Puneet Rawat, MED, Institutt for klinisk medisin - A New Method for Neuroprotection and Alzheimer Therapy
Rafal Ciosk, MN, Institutt for biovitskap - BlueStroll: A Scientifically-Informed Brain Health Improvement through Movement and Healthy Environments
Vegard Skirbekk, SV, Psykologisk institutt
Les òg nyheiter frå institutt om tildelinga: Institutt for medisinske basalfag, Det medisinske fakultet / Institutt for spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet / Psykologisk institutt, Det samfunnsvitenskapelige fakultet