English version of this page

Kunnskap i bruk: 4,9 millionar i støtte til innovative UiO-forskarar

28 prosjekt får innovasjonsmidlar frå UiO til å utvikle samfunnsnyttige løysingar. Vi gratulerer alle forskingsgruppene med tildelinga!

Bildekollasj forskarar

Annika Elisabet Michelsen, Bente Halvorsen, Fahri Saatcioglu, Guttorm Haraldsen, Hanne Scholz, Ingunn Tho, Jon Amund Kyte, Lorena Arranz, Malcolm Langford og Steven Wilson har fått støtte til test- og utviklingsfase. Amalie Føreid Reinertsen, Anders Åsberg, Anuj Pokle, Camilla Huse, Christina Johannsen, Daniel Haga Hasselstrøm, Erna Davydova, Evandro Fei Fang-Stavem, Hua Hu (ikkje på bildet), Kristina Torine Litherland, Linda Nyanchoka, Lise Román Moltzau, Marianne Hiorth, Martin Valldor, Rafal Ciosk, Sonja H. Brunvoll, Ute Krengel og Yngvar Berg får støtte til idé- og konseptfasen.

Resultatet av utlysinga av midlane Universitetet i Oslo (UiO) har sett av til tidlegfasestøtte til innovasjonsprosjekt, er no klart. Det kom inn totalt 53 søknader. Søknadene var vurderte ut frå innovasjonsgrad, samfunnsnytte og gjennomførbarheit som beskrive i utlysinga. 

10 prosjekt får 400 000 kroner kvar til test- og vidareutviklingsfasen, mens 18 prosjekt får 50 000 kroner kvar til idé- og konseptfasen. Forskarar frå fem fakultet – Det matematisk-naturvitskaplege, Det medisinske, Det utdanningsvitskaplege, Det samfunnsvitskaplege og Det juridiske – kan glede seg over tildelingar.

Sjå oversikt over prosjekt som får tildeling, nedst i artikkelen.

– Gledeleg å sjå breidda og kvaliteten

Den interne innovasjonseininga ved UiO, Veksthuset for verdiskaping, har leia søknadsprosessen. Alle søkjarane får no tilbod om oppfølging frå Veksthuset i form av rettleiing som kan hjelpe dei vidare med innovasjonsideen.

Vi har spurt viserektor for livsvitskap og helse, Jens Petter Berg, korleis innovasjonsmidlar som dette, i kombinasjon med rettleiing frå Veksthuset for verdiskaping, bidreg til at meir kunnskap frå forsking ved UiO blir teken i bruk?

Jens Petter Berg. Foto: UiO.
Viserektor for livsvitskap og helse Jens Petter Berg. Foto: UiO.

– UiO har som mål at forskinga vår skal kome samfunnet til gode. Desse tildelingane er eit viktig verktøy for å få det til ved å gje forskarane moglegheit til å teste ut idear, vidareutvikle lovande resultat og byggje bru mellom grunnleggjande forsking og konkrete løysingar for pasientar, brukarar, forvalting og næringsliv. Det er særleg gledeleg å sjå breidda og kvaliteten i prosjekta som viser at innovasjonspotensialet ved UiO er stort på tvers av fag og forskingsmiljø, seier Berg.

– Eg vil gratulere alle prosjektleiarane og medarbeidarane deira med tildelingane. Samtidig vil eg oppfordre enda fleire forskarar til å bruke innovasjonstenestene til Veksthuset for verdiskaping og er takknemleg for den tette oppfølginga og rettleiinga som blitt ytt for å gje forskarane enda betre føresetnader for å modne ideane sine og utvikle gode og nyskapande løysingar.

Prosjekta som er tildelt støtte i 2026

Test- og vidareutviklingsfasen – 10 prosjekt à 400 000 kroner, totalt 4 millionar kroner

6 prosjekt frå Det medisinske fakultet (MED), 3 prosjekt frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN), 1 frå Det juridiske fakultet (JUS).

Prosjekttittel, prosjektleiar, fakultet og institutt, sortert alfabetisk etter fornamnet til prosjektleiar:

  • 3-IMP: a novel metabolite that predict disease severity
    Annika Elisabet Michelsen, MED, Institutt for klinisk medisin
  • VASCALM: Vascular-Selective EGFR Modulator to prevent Arterial Calcification
    Bente Halvorsen, MED, Institutt for klinisk medisin
  • Identification and validation of small molecule drugs for prostate cancer treatment
    Fahri Saatcioglu, MN, Institutt for biovitskap
  • Bispecific targeting of liver fibrosis
    Guttorm Haraldsen, MED, Institutt for klinisk medisin
  • Universal Off-the-Shelf Decidual Stromal Cells for Autoimmune and Inflammatory Diseases
    Hanne Scholz, MED, Institutt for medisinske basalfag
  • IcyRelief – A novel localized pain relief system
    Ingunn Tho, MN, Farmasøytisk institutt
  • A CAR-T–delivered BiTE platform targeting tumour heterogeneity
    Jon Amund Kyte, MED, Institutt for klinisk medisin
  • Development of a succinate analogue suitable for therapeutic applications
    Lorena Arranz, MED, Institutt for klinisk medisin
  • S2-Data Dommerportal
    Malcolm Langford, JUS, Institutt for offentleg rett
  • Chip-to-world interface for inline measurement of drug metabolism in microphysiological systems
    Steven Wilson, MN, Kjemisk institutt

Idé- og konseptfasen – 18 prosjekt à 50 000 kroner, totalt 0,9 millionar kroner

12 prosjekt frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN), 4 frå Det medisinske fakultet (MED), 1 frå Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) og 1 frå Det utdanningsvitskaplege fakultet (UV).

Prosjekttittel, prosjektleiar, fakultet og institutt, sortert alfabetisk etter fornamnet til prosjektleiar:

  • Beyond Antibiotics: Host-Directed Bacterial Clearance
    Amalie Føreid Reinertsen, MN, Farmasøytisk institutt
  • Transcriptomic profiling of IPF-RC-induced fibrogenesis for translational assay development
    Anders Åsberg, MN, Farmasøytisk institutt
  • LabInfraMetric
    Anuj Pokle, MN, Fysisk institutt
  • Beyond Blood Pressure: can antihypertensive drugs protect arteries from atherosclerosis?
    Camilla Huse, MED,Institutt for klinisk medisin
  • SmaSh-Quant 3
    Christina Johannsen, MN, Farmasøytisk institutt
  • Dual Resolution Agonists: Prevention Of Cardiovascular Disease
    Daniel Haga Hasselstrøm, MN, Farmasøytisk institutt
  • Improving first-line diagnostics in inflammatory bowel disease
    Erna Davydova, MN, Institutt for biovitskap
  • The m6A epitranscriptome: a sensor for personalized metabolism
    Evandro Fei Fang-Stavem, MED, Institutt for klinisk medisin
  • Optogenetic rescue of cognitive functions in the aging brain
    Hua Hu, MED, Institutt for medisinske basalfag
  • Linea: Automatic conversion of raw data for social network analysis
    Kristina Torine Litherland, UV. Institutt for pedagogikk
  • RGaps
    Linda Nyanchoka, SV, Psykologisk institutt
  • Characterization of new compounds for the treatment of resistant hypertension
    Lise Román Moltzau, MN, Farmasøytisk institutt
  • Development of a Stimuli-Responsive Liposomal Oral Delivery Platform with Application in Dry Mouth
    Marianne Hiorth, MN, Farmasøytisk institutt
  • Ccure
    Martin Valldor, MN, Kjemisk institutt
  • A New Method for Neuroprotection
    Rafal Ciosk, MN, Institutt for biovitskap
  • ONCOFAST; Intermittent fasting during chemotherapy – a randomized feasibility study
    Sonja H. Brunvoll MED, Institutt for medisinske basalfag
  • Exploring tuberculosis drugs with a novel mechanism of action
    Ute Krengel, MN, Kjemisk institutt
  • Konfidensbasert Læring, Analyse og Responsvurdering (KLAR): et smartere vurderingsformat
    Yngvar Berg, MN, Institutt for informatikk

Sjå utlysinga for 2026.

Publisert 15. mai 2026 09:03 - Sist endra 15. mai 2026 09:03