Frederikkeplassen
Frederikkeplassen er midtpunktet på Blindern.
På Frederikkeplassen (mazemap.com) er det eit yrande liv frå semesterstart om hausten til siste eksamen er avlagt om våren. Den flotte fontena i trappeløpet gir plassen eit særpreg. I ytterkantane på den store brusteinsplassen er det fleire innbydande stader du kan setje deg ned og ta ein pause.
Ved Arnold Haukeland sin skulptur Air er det opphøgde blomsterbed som byr på fleire blomstringar gjennom sesongen: Først løkplantar som blomstrar om våren, etter dette kjem sommarblomane. Mellom desse beda sit ein litt avskjerma, omgitt av fargar og duftar. Blindernbenkane nedanfor Sophus Lies auditorium er også ein fin stad å slå seg ned.
Ved Sophus Lies auditorium veks pæretre saman med stauden hjartebergblom. På venstresida på veg opp frå Frederikkeplassen er det eit felt med sargenteple som dannar ein spesielt flott struktur. Buskfeltet får eit vell av kvite epleblomar om våren, og om vinteren blir greinstrukturen til et elegant dekorativt element.