Universitetsområdet tek form
Utbygging langs ein aust-vestgåande akse
Den tidlegaste utbygginga på Blindern følgde ein aust-vestgåande akse.
Foto: Universitetets fotobase, Museum for universitet- og vitenskapshistorie (ukjent fotograf)
Svein Rosselands hus
Institutt for teoretisk astrofysikk, Svein Rosselands hus, var eit av dei tidlegaste universitetsbygningane som vart oppført.
Foto: Universitetets fotobase, Museum for universitet- og vitenskapshistorie (ukjent fotograf)
Nysådd og nyplanta
Nyplanta vegetasjon framføre nordfasaden til Fysikkbygningen. Biletet er teke for arkitektane Bryn og Ellefsen i 1935.
Foto: Universitetets fotobase, Museum for universitet- og vitenskapshistorie (ukjent fotograf)
Matauk
1940–1943. Fysikarar pløyer opp potetåkeren utanfor Fysikkbygningen. Professor Hylleraas fører plogen, medan studentane Romberg og Skavlem fungerer som hestar.
Foto: Universitetets fotobase, Museum for universitet- og vitenskapshistorie (ukjent fotograf)
Det var arkitekt Sverre Pedersen som vann konkurransen om å laga ein reguleringsplan for universitetsområdet på Blindern. Pedersen la grunnlaget for ein nyklassisistisk stil, men den måtte tilpassast nye idear om funksjonalitet og enkelheit.
Dei første bygningane som vart bygde var Farmasibygningen, Astrofysikkbygningen (Svein Rosselands hus) og Fysikkbygningen, som vart teikna av arkitektane Finn Bryn og Johan Ellefsen. Dei ligg langs ein aust-vestgåande akse som er markert med ein lindeallé.
I Pedersen sin originale plan, var det tenkt at ein sør-nordgåande akse skulle gå frå Frognerparken gjennom Fysikkbygningen og vidare nord. Aksen vart ikkje fullført etter planen og vart i tillegg seinare justert av Frode Rinnan og Olav Tveten på 1960-talet.
60-talet på Øvre Blindern
Legging av brustein
For å dekka behovet for brustein vart heile gater i Halden kjøpt opp og frakta til Blindern. Totalt 42 000 m2 stein vart lagt i løpet av anleggsperioden. Biletet viser arbeidet med Frederikkeplassen.
Foto: Universitetets fotobase, Museum for universitet- og vitenskapshistorie (ukjent fotograf)
Frå steinørken til tett med lauv
Med to fem meter breie ganvegar tok Steine høgde for eit kraftig aukande tal på studentar. Etter kvart som åra har gått, har dei nyplanta trea vakse seg store og frodige.
Foto: Universitetets fotobase, Museum for universitet- og vitenskapshistorie (ukjent fotograf)
Asalskogen
Ei brei planting av svenskeasal skulle fungera som ein buffer mellom Blindern og Niels Henrik Abels veg, som på 1960-talet var planlagd som ein firefelts motorveg.
Foto: Jorun Hovind
Planteikning av asalskogen
Utsnitt av hagearkitekt Sverre K. Steine sin planteplan for den tette asalplantninga langs Niels Henrik Abels vei (1962).
Foto: Nasjonalmuseet
I 1958 vann Leif Olav Moen arkitektkonkurransen om å bygga HF-fakultetet med prosjektet "Campus". Det modernistiske forslaget var inspirert av amerikanske universitet. Moen teikna også SV- og MN-kompleksa. Saman med Frode Rinnan og Olav Tveten sine universitetssenter, skapte dei bygningane opnare område med mindre monumentale bygningar.
Hagearkitekt Sverre K. Steine planla grøntområda på Øvre Blindern i tett samarbeid med Moen. Parkanlegget vart byg med brusteinsbelagde plassar og gangvegar, større treplantingar og opne grasflater. I tillegg er det fleire små vasspegl og fontener. Den store fontena ved Frederikkeplassen er sentral i anlegget. Det vart også planta meir enn 600 tre, inkludert lind og platanlønn, for å skapa ein harmonisk heilskap med bygningane. I tråd med ideala frå modernismen, skulle det vera samspel mellom arkitekturen, terrenget og plantane.
Fornying og utbygging
Det nye Universitetsbiblioteket
Blindern er meir heilskapleg no som Georg Sverdrups hus og Helga Engs hus står ferdig oppført.
Foto: Bjarne Aasen
Universitetsbiblioteket
Formklippa bøkehekkar framføre fasaden til Universitetsbiblioteket. Sidan 1970-talet har det vore viktig å ta omsyn til universell utforming. Her ser vi glatte granittheller som er lagt ned i brusteinen for å gjera det lettare å ferdast.
Foto: Kjetil Ree (CC BY-SA 3.0)
Kunnskapens tre
Sammen med de lyssatte kirsebærtrærne utenfor Det samfunnsvitenskapelige fakultet er dette bjørketreet et kjærkomment lyspunkt i desembermørket. Bjørka fikk nye, energibesparende LED-lys høsten 2010.
Foto: Bjarne Aasen
d-biblioteksparken.jpg
Epletreet i biblioteksparken står i full blomst.
Foto: Arthur Sand
Den siste store byggeperioden var på 1990-talet, då Helga Engs hus og bibliotekbygninga Georg Sverdrups hus (Telje-Torp-Aasen Arkitektkontor) vart bygde. Landskapsarkitekt Bjarne Aasen planla dei nye uteanlegga som skulle binda saman dei øvre og nedre delane av Blindern.
På sørsida av Blindern vart det opna opp til eit studenttorg, det som no ligg ved Helga Engs hus. Plassen er delvis lukka med formklipte hekkar og buskar, inspirert av klassisk hagekunst. Det nye biblioteket (Georg Sverdrups hus) fekk ein markant fasade og ein trappeveg inspirert av Michelangelos trapper i Roma. Ein ny gangveg over plenen framfor biblioteket kopla området til T-banestasjonen og gjorde plassen framfor Georg Sverdrups hus til eit sentralt punkt i Blindernanlegget.
Vern og vidareføring
På 2010-talet vart det utarbeida verneplanar for statlege undervisnings- og kulturbygg. Blindern vart freda i 2013. Fredinga omfattar store delar av universitetsområda, som skal bevarast både som ein visuell og ein funksjonell del av anlegget. Parkanlegget har utvikla seg gjennom 60 år. Det bevisste vedlikehaldet gjer at det held fram med å veksa og verta frodigare, til stor glede for publikum. Alle varige endringar krev godkjenning frå Riksantikvaren eller Byantikvaren i Oslo.
Logg inn for å kommentere