Geologilunden

I den delvis skjulte lunden ved Geologibygningen, finn du eit mangfald av plantar.

På hjørne av Geologibygningen ligg ein liten lund (mazemap.com), delvis skjult av ein stor, gammal einer og mispel og krossved. Her finn du ein liten skiferbelagt plass med benkar og ein av dei meir sjenerøse plantningane på Blindern.

Bildet kan inneholde: utebenk, planter, benk, busk, utemøbler.
Bildet kan inneholde: utebenk, planter, utemøbler, benk, busk.

I ytterkantane av plassen er eit bed der bladliljer trivst. Herifrå kan du sjå mot bedet med vierhortensia og storknebb. Hortensiaen har store, kvite blomsterskjermar som dannar ei tett dyne. Plantane kan bli litt tunge i toppen og må ofte støttast litt for å stå stødig heile den lange blomstringsperioden frå juli til seint utpå hausten.

Mot fasaden til Geologibygninga ser du eit bed der det veks lysrosa og sarte haustanemoniar og blåfiolett storknebb. Ein kraftig rododendron trivst inst i kroken og inn mot inngangen til Geologibygningen. Oppover teglsteinsveggen klatrar ein pipeholurt. Namnet har den fått fordi blomane ser ut som små krokpiper. Om du tek ein kikk ut mot Blindernveien, kan du følgja utviklinga til den unge hengebøka som vart planta i 2010.

Bildet kan inneholde: blomst, kronblad, busk, rosa, hage.