HF-platået – Peter Rokseths plass
Peter Rokseths plass, som ligg framfor P.A. Munchs hus, Niels Treschows hus og Sophus Bugges hus øvst på Blindern, vart på folkemunne ofte kalla HF-platået.
Ta med deg kaffikoppen og set deg på ein av dei raudmalte Blindernbenkane langs P.A. Munchs hus (mazemap.com). Plassen framfor deg er folksom og populær. Her kjem folk etter lesestunder i biblioteket i Sophus Bugges hus eller etter ei førelesing. Kan du sjå føre deg ein rund gressplen midt på plassen? Ein slik plen er teikna inn i dei opprinnelege planane til hagearkitekt Steine frå 1962. Plenen vart aldri realisert, men i staden kan du nyte rosebedet langs veggen til P.A. Munchs hus, som er ramma inn av ein hekk av alperips.
Frå platået har du utsyn over plassen mellom HF- og SV-fakulteta. Her veks kirsebærtre i seks opphøgde granittbed. Desse trea har ein svært rik vårblomsting med fylte, kvite blomar. Stormarikåpe er brukt som bunndekke her.
I plantekassa ved trappa ned frå platået veks ei femnåla furu som får store, dekorative konglar. Under furutreet finn du bladliljer og blåfiolett klematis.
Elles er plantninga å plassen sett saman av nærare 20 plantesortar. Fargeskalaen er i blåtonar og lilla, og med store, kvite pionar som speler hovudrolla på forsommaren.