Husmannsplassen

Husmannsplassen er for mange ein ukjend del av Blindern, men er verkeleg verd turen bort.

På høgdedraget bak det raude huset i Blindernveien 40 finst ei fredfull lita perle av ein matpakkeplass (mazemap.com). Den gamle husmannsplassen til Lille Frøen vart kjøpt av universitetet i 1929. Her sit du godt utanfor det travle campuslivet, men likevel ikkje langt unna kontor- eller lesesalsplass.

Bildet kan inneholde: bygning, hus, planter, tre, hytte.
Bildet kan inneholde: landskap, tomt, jord, landlig område, bakkedekke.

Husmannsplassen er ein stemningsfull stad. Mot Svein Rosselands hus (astrofysikkbygninga) ligg Blindern Studenthage, kor dyrkingsglade studentar samlast for å produsere eigne grønsaker gjennom sommarsesongen. Husa er verna for å bevare dei som ein del av det opprinnelege bygningsmiljøet på Blindern. Frå Blindernbenkane på høgdedraget har du utsikt vestover mot horisonten.

På forsommaren duftar området av syrin. Då kan du også observera blomstringa til to ulike artar av rogn, som får både lysande gule og rosa bær, i tillegg til flott haustløv i raudt og gult. Eit anna gode er bærbuskane i omådet, som byr på søte munnfullar på høgsommaren.

Bildet kan inneholde: blomst, busk, blomstrende plante, hage, villblomst.