Ivar Aasens hage

Det frodige uterommet mellom høgblokkene til Det humanistiske fakultet er oppkalla etter diktaren og språkforskaren Ivar Aasen.

Diktar og språkvitar Ivar Aasen (1813–1896) har gitt namn til hagen som ligg mellom høgblokkene til Det humanistiske fakultetet (mazemap.com). Den vakraste vegen hit er frå Niels Treschows hus via hellene som går over eit roleg vasspegl.

Bildet kan inneholde: speilbilde, vannfunksjon, skygge, hage, parkere.
Bildet kan inneholde: tre, offentlige rom, busk, utebenk, skygge.

Ved bygningane finn du eit nedsenka areal med benkar og bord. Langs veggen ved P.A. Munchs hus er det eit breitt belte med fiolettblomstrande rododendron. Desse er eit imponerande syn når dei står i blomst på forsommeren. I utkanten av rododendronfeltet veks det fleirstamma hjartetre, som har ein elegant greinstruktur. Om du er nær trea på ein haustdag, vil du kunne merka at trea duftar søtleg av smelta sukker.

I hagen veks det også eit epletre, og ein kuriositet er at misteltein har funne seg til rette i treet. Ivar Aasens hage opnar seg opp i ein plen mot sør, og i det sørvestre hjørna er det ein lund av asketre. Trea omkransar ein liten skiferbelagt plass med benkar og eit springvatn. Historia seier at dette er ein gammal vasspost for hestar i bytrafikken som tidligerare stod på Jernbanetorget.

 

Bildet kan inneholde: tre, offentlige rom, vår, skygge, plen.