Kjemiatriet

Kjemiatriet er ein fredfull plass med tilgang frå Kjemikantina.

Kjemibygninga stod ferdig i 1968. Dette er ei enorm bygning, og for å skaffe lys inn til dei midtre delane av bygningskroppen vart det anlagt fleire lysgardar med store vindusflatar. I tillegg fekk bygninga eit vakkert atrium på sørsida, med tilgang frå den nå nedlagde Kjemikantina (mazemap.com).

Bildet kan inneholde: murstein, landskapsarbeid.
Bildet kan inneholde: blomst, busk, hageroser, blomstrende plante, rose familie.

Her finn du ein brusteinsbelagt plass med eit fredeleg, rislande springvatn. Ved bassenget kan du setje deg på ein av dei låge, grovt tilhogde granittbenkane. Ut mot Tørtebergplenane er det ein kraftig gitterport i kopar. Porten gjer lys og openheit til hagerommet. Inn mot dei store vinduaga til kantina er det laga eit bed med roser som først spring ut som kraftige, gule og fylte blomar, før dei seinare bleiknar til gullkvitt.

Mellom rosene brer det seg eit teppe av bunndekkande sitrontimian. Desse dannar eit lilla teppe i blomstringsperioden. I Kjemiatriet finn du også ein gamal barlind, tuja, sibirfuru og ein hemlokk. Desse vintergrøne trea gir bakken eit preg av skogbotn.

Bildet kan inneholde: treaktig plante, kvist, lerk, naturlig materiale, bartrær.