Knutepunktet ved Georg Sverdrups hus
Ved amfitrappene framfor Georg Sverdrups hus (Universitetsbiblioteket) er det godt å sitja.
Ved hovudinngangen til Georg Sverdrups hus (mazemap.com), ligg eit smykke av sommarblomar. Blomebedet byr på variasjon i komposisjon og fargar, og kvart år er det noko nytt som vert presentert. Bedet er laga av den svarte, polerte larvikitten du også finn i fasaden til bygninga. Plassen er svært trafikkert, her kjem ein frå alle kantar av universitetet. Amfitrappene framfor inngangspartiet er ein fin stad å slå seg ned og sjå etter kjentfolk.
I bakkant av amfiet står ei platanlønn, som skapar behageleg skugge på varme dagar og ly for vind når det bles. I eit av beda er det planta sibirkornett, som med sine raude greiner lyser opp gjennom vinteren. Rett ved plassen ligg bibliotekparken. På fine dagar er det mange studentar som trekkjer ut frå lesesalen for å lese pensum på dei innbydande plenane.
Deler av parken har langt gras og blomstrande urter som skapar rom og matfat for insekt, fugl og smådyr. I tillegg til å vera vakkert, bidreg det lange graset til at jorda får betre struktur og aukar mangfaldet av organismar i jorda. Parken rommar også ein del frittvaksande tre av ulike aldrar. I tillegg til bjørkerekkjene som følgjer gangstiane, finn du mellom anna fleire gamle epletre og ei yngre lønn, som er planta dei spektakulære haustfargane hennar.