Meditasjonshagen
Meditasjonshagen er ein fredeleg hage rett ved Idrettsbygninga.
Ein av Blindern sine mest fredelege hagar (mazemap.com)r finn du framfor inngangen til Idrettsbygninga. Bygningane som ligg rundt gjer hagen skuggefull og lyset blir filtrert gjennom krona på ei stor sølvlønn.
Sølvlønna har fått namnet sitt på grunn av den sølvkvite undersida av blada. Blada er smalare enn på ei alminneleg lønn, noko som gir treet eit sirleg preg. Resten av hagen er bygd opp av fem små bed med eit dekke av lys kulestein. Her veks staudar som trivst i skuggen.
Du vil finna kraftige, høgvaksande plantar som bladlilje, perlebregne og nøkketunge i samspel med kvitblomstrande myske. Fråværet av lys får dei kvite, sarte blomstrene til å tre tydeleg fram. Med nok fukt gjennom vekstsesongen, vil den flotte ormedrua strekkje seg høgt til vêrs på ettersommaren og blomstra kvite, duftande blomar i september/oktober.