Uterom ved Georg Morgenstiernes hus

I uterommet ved Georg Morgenstiernes hus finn du ein koseleg spiseplass.

Georg Morgenstiernes hus husar delar av Det humanistiske fakultet, og i kantina rett innanfor dørene kan du kjøpa kaffi til å nyta på plassen. I dette uterommet (mazemap.com) er det meste av vegetasjonen samla i breie blomsterbed inn mot teglsteinsmuren. Her veks mispel, som dannar eit tjukt, grønt teppe, og ildtopp, som strekkjer seg ut med lange, rette greiner. Ildtoppen har rik blomstring med kvite blomar, og om hausten lyser den opp med sine oransjeraude bær.

Bildet kan inneholde: tre, veidekke, offentlige rom, fortau, skygge.
Bildet kan inneholde: planter, busk, bakkedekke, hage.

Nedanfor veks det eldskvede. Den blomstrar vakkert, og om hausten får den gule og velduftande, men svært bitre, frukter. Dei lune forholda i bedet gjer det mogleg – i alle fall viss sommaren er varm – å få søt avkastning frå drueplanta som veks på her. I tillegg klatrar villvina på muren og bidreg til fargespelet gjennom sesongen.

I det rektangulære plantefeltet du passerer på veg inn til matpakkeplassen, veks det tre relativt store agnbøk. Dette er ein art ein best kjenner som klipt hekk, men her er dei planta som frittvaksande tre og viser seg fram med si karakteristiske kjegleform. Dei får ein frisk gul haustfarge og trivest godt sjølv i litt skuggefulle forhold.

Då Georg Morgensiternes hus stod ferdig renovert i 2010, vart skulpturen Tankens leik av Stefanny Hillgaard (1925–1990) flytta hit.

Bildet kan inneholde: planter, busk, bakkedekke, hage.