Pythagoras' hage
I denne hagen dannar mønsteret i gatesteinen ein rettvinkla trekant og med kvadrat på kvar side. Dette har gitt namnet til Pythagoras' hage.
Hageanlegga på Blindern vart utforma i samspel med den tiltenkte funksjonen til bygningane. I rommet mellom matematikkbygningane (mazemap.com) har hagearkitekt Steine visualisert Pythagoras si læresetning. Mønsteret i gatestein dannar ein rettvinkla trekant med kvadrat på kvar side. Dette har gitt namnet til denne hagen.
To oppbygde bed rammar inn hagen. Den eine har rododendron med eit vell av kvite blomar om våren. Resten av året står den som ein frodig, grøn skjerm. Ein statue av ein grublande Niels Henrik Abel sit mellom tro hemlokktre. Hemlokk er nåletre med små, dekorative konglar og karakteristiske hengande toppar og greinspissar. Treet trivst godt på skuggefulle plassar.
Rundt sokkelen til Abel veks låge sortar av rododendron. Oppover støttemuren i bakkant av bedet finn du ein klatrehortensia som får vide, kvite blomar.