Studenttorget
Studenttorget ligg mellom Helga Engs hus, Farmasibygninga og Fysikkbygninga. Dei kvadratiske beda på plassen har innfelte benkar som er fine å eta lunsjen sin på.
Om du er på veg sørover på Blindern, passerer du kanskje Studenttorget ved Fysikkbygninga (mazemap.com). Uterommet er ramma inn av låge hekkar av agnbøk, flikkranstopp og søyleeik. Sjølve plassen er belagt med gatestein av raudleg røykengranitt og har trillestriper av slette granittplater. På ein av dei innfelte benkane på bedkantane kan du slå deg ned og sjå ut over området.
Plantninga er ordna symmetrisk med staudebed og opphøgde bed. Dei runde beda har løkblomar om våren og sommarblomar seinare i sesongen. I dei kvadratiske beda veks vindhassel, som med sine morosame, forvridde greinar har ein fin prydverdi. Også blada er vridde og krølla. Hasselen blomstrar på ettervinteren med bedskjedne, rosa blomar. Dette er eit teikn på at våren nærmar seg – dersom du er tett nok på til å sjå dei.
Løftar du blikket vil du sjå at du sit midt i krysset av dei to hovudaksane på Blindern. Området framfor hovudinngangen til Fysikkbygninga er nemleg del av ein tverrakse som strekkjer seg frå Halvor Blinderens plass i aust til Svein Rosselands hus (astrofysikkbygninga) i vest. Rekkjer av gamle lindetre markerer denne linjeføringa. Den sør-nordgåande Blindernaksen går frå Fysikkbygninga og nordover gjennom Blindern opp til Niels Henrik Abels vei.