SV-plassen

På baksida av Eilert Sundts hus, mot Moltke Moes vei, er det utgang rett frå SV-kafeen til eit triveleg og mykje brukt uterom.

Viss du er i Eilert Sundts hus, kan du gå rett ut frå SV-kaféen til eit triveleg og mykje brukt uterom på baksida av bygninga (mazemap.com). Plantninga er plassert i opphøgde bed med kantar du kan sitje og kvile på. Plassen er dekt med gatestein og bedkantane er av granitt.

Bildet kan inneholde: tre, blad, offentlige rom, skygge, vår.
Bildet kan inneholde: vår, skygge.

I dei runde, opphøgde beda veks hestekastanjar. Desse er eit vakkert syn når dei blomstrar med kvite blomar. Dei store blada gjer treet frodig og skapar behageleg skugge på plassen gjennom sommaren. Om hausten kjem dei velkjende piggete fruktene med blanke, brune frø.

Under trea veks eit tett teppe av storkenebb. Rundt midtsommar får den kvite til svakt rosa blomar. I ytterkant er plassen avgrensa av ei plantekasse i meisla betong. Her er det planlagt eit nytt staudebed, så det er berre å følgje med på utviklinga.

Bildet kan inneholde: vår, skygge.