Tørteberg

Frå utsynspunktet på Tørteberg kan du sjå utover områda som no har blitt til blomstereng.

Heilt i sørenden av Blindern ligg Tørteberg (mazemap.com), eit ope, grønt område i hellande terreng. Øvst står ei rekke med Blindernbenkar. Her er eit fredeleg utsynspunkt kor du kan sleppa tankane fri og la blikket vandra utover utsikta. Ein brei gangveg av smågatestein går forbi plassen og ned mot Suhms gate. Framfor benkane er det laga eit bed med stauder som blomstrar på forskjellige tider gjennom sesongen.

Bildet kan inneholde: utebenk, møbler, benk, utemøbler, gatemøbler.
Bildet kan inneholde: blomst, grønn, planter, hage, busk.

Våren startar med løkblomstring av perleblomst og krokus. Litt seinare kjem tulipanar i raud og rosa sjatteringar, og då er også kattemynten med sin lange blomstringstid i anmarsj. I juni og juli blomstrar gule dagliljer saman med blodtopp og silkekinagras. Mjuke blad av lammeøyre rammar bedet inn.

Frå benkane kan du også sjå utover områda som tidlegare vart klipt som plen, men som no er utvikla til blomstereng. Det skrinne jordsmonnet og den grunne bakken langs gangvegen har vist seg å ha eit godt potensial for artsrik eng. Her er mangfaldet av plantar aukande. Dette skapar gode forhold for eit rikt liv av insekt og jordlevande organismar.

Bildet kan inneholde: blomst, grønn, planter, gressland, eng.