Urtehagen
Urtehagen representerer både formidling og folketradisjon.
Ved nedkøyringa til Kristine Bonnevies hus ligg ein liten oase (mazemap.com). Her er det laga ein hage med blomstrande og duftande urter og tre. Hagen stod ferdig i 1994. Det store mangfaldet av plantar blomstrar til alle tider av sesongen og skapar gode forhold for ulike pollinatorar. Frøa og fruktene til plantane er god mat for fuglar og smådyr. Urtehagen grensar mot dei meir ville naturområda ved Kristine Bonnevies hus. Dette skapar gode soner for habitat for dyreliv.
Urtehagen er bygd opp av bed i sirklar, delt opp av gangstiar. I midten er det eit lite springvatn. I ytterkanten av hagen er det mindre stram arkitektur, for her er naturen tatt i bruk for å laga trinn og etasjar. Plantane er grupperte i temabed og utstyrte med skilt. Det er lagt vekt på å ha eit rikt utval av medisinplanter, men også krydderplanter og nyttevekstar er representerte. Hagen skal vera ein stad der dei besøkande kan finna ro og venleik.
Det er også eit mål at det store mangfaldet av vekstar kan fungera som ei levande studiesamling for biologi- og farmasistudentar. For at urtehagen skal kunna vera ei slik samling, oppfordrar vi dykk til å vera varsame når de ferdast her.