– Fysikk er den ultimate måten å skildre verda på

Lektorstudent Sander Ellefsen har alltid fått ein wow-følelse når han løyser matematikk- og naturfagsoppgåver. – Den følelsen av at, kult, no forstod eg noko komplisert! Den får eg mykje på universitetet.

Student og professor foran tavle

– Vi har eit kjempestort ansvar i å vise unge kor sjukt kule realfaga er og korleis dei kan brukast for å gjere samfunnet betre, seier Sander Ellefsen. Her er han i samtale med matematikk-legende Arne Hole.

22-åringen frå Horten gler seg til å gje dei framtidige elevane sine liknande openberringar.

Sander har alltid elska naturfag og matematikk, men var lenge usikker på kva han ville bli. Det var ikkje gitt at valet skulle falle på Lektorprogrammet og læraryrket.

Ei avgjerande a-ha-oppleving 

Eitt gyllent augeblikk har brent seg fast i minnet hans:

– Eg sit i ein R1 mattetime med nokre kompisar. Vi går andreåret på vidaregåande og eg er overtydd om at eg skal bli ingeniør. Samstundes er eg usikker på om det er det eg vil, eigentleg.

Etter å ha sveitta over ei oppgåve ei stund, forstår Sander brått «definisjonen av den deriverte» og ting fell på plass.

– Dette blir eg skikkeleg gira av, så eg prøver å forklare det vidare til kompisane mine som slit med det same.

Sander formulerer innsikta så godt han kan, steg for steg, og ser forventingsfullt på kompisane. Det går ikkje lang tid før ein av dei ropar «aaaaah, eg forstår!» og snart er dei to som hjelper resten av gjengen. Ein etter ein får gutane den same innsikta.

– Då eg høyrde gleda i reaksjonane deira og såg blikka deira endre seg, noterte eg meg at dette var skikkeleg gøy, dette vil eg gjere meir av, seier han. 

– Tenk å kunne bidra til å spreie fascinasjonen for verda til andre!

– Makt over verda

På eit tidspunkt nådde Sanders intuisjon følgjande konklusjon:

– Du må ikkje studere ingeniørfag sjølv om du elskar realfag!

Og i dag er han altså student i fysikk og matematikk, med størst vekt på førstnemnde. Han går på eit av Europas mest unike lektorprogram som nyleg fekk karakteren «utmerkt, velstrukturert og velfungerande» frå NOKUT.

– Fysikk er den ultimate måten å skildre verda på, seier han. – Kvifor har vi lys? Kvifor sett du ballen i rørsle når du sparkar han? For ikkje å snakke om gravitasjonskrafta! Alt dette svarar fysikken på. Når du begynner å forstå fysikk, kan du bruke faget til å føresjå framtida.

Å kople fysikkens innsikter til tal og matematikk, gir Sander ein følelse av makt over verda kring seg.

– Saman blir faga blir ein måte å kontrollere verkelegheita på, seier han.

Å akseptere at ein ikkje forstår alt

– Fysikk handlar om å tilpasse intuisjonen sin verda ein lever i, fortel han og illustrerer: – Kan eg verkeleg stole på intuisjonen min? Kva er den eigentleg basert på? Kan eg akseptere at eg ikkje forstår alt, at noko berre er sannsynleg?

Han minner oss om at vi som menneske lever i ein svært liten del av fysikkens verd og at intuisjonen vår vert definert av det vesle vi er i stand til å observere med våre eigne sansar.

– Når vi går djupare inn i fysikken ser vi til dømes korleis tid kan bøyast innanfor relativitetsteorien, eller korleis partiklar i kvantefysikken kan eksistere fleire stader samstundes og først får ein fast posisjon i det augeblikket vi forsøker å måle dei. Desse fenomena er ekstremt kontraintuitive og difor ekstremt fascinerande! seier Sander.

Kvantefysikken utfordrar det tradisjonelle synet på verda, noko Sander opplever som fengslande hovudbry.

– Men det er viktig å nærme seg faget med nysgjerrigheit og la intuisjonen tilpasse seg til kva du lærer over tid.

Bilde av student foran bibliotek
Sander omtalar seg sjølv som ein «dårleg elev», men seier at realfaga alltid har kome naturleg for han, uavhengig av kvaliteten på lærarane. Foto: Shane Colvin / UiO

Må sjå problemet over tid og frå fleire vinklar

Horten-guten kunne lett fordjupa seg i universets små og store samanhengar utan å gå undervisingsvegen. Han kunne vald ei prestisjeutdanning i medisin, sivilingeniør, økonomi eller arkitektur.

– Men tenk å kunne bidra til å spreie fascinasjonen for verda til andre, då! seier han.

– Realfagslektorar har eit kjempestort ansvar i å vise unge kor sjukt kule desse faga er og korleis dei kan brukast for å gjere samfunnet betre. Det gjer læraryrket attraktivt for meg. At ein betyr så mykje, at ein har makt til å påverke mange menneske.

Kva råd vil Sander gi til ungdom som likar realfag, men som kanskje strevar litt med dei?

– Noko som fungerte for meg, var å akseptere at du sjeldan forstår problem i matematikken og fysikken første gong du prøver å løyse dei. Du må sjå på problemet over tid og frå ulike vinklar før det lausnar. Det var ei openberring for meg.

Les om Lektorprogrammet ved UiO


Har du viljestyrke, skal vi gi deg vitenstyrke

Publisert 30. jan. 2023 12:29 - Sist endret 8. mars 2023 12:50