English version of this page

Bekrefte vitnemål og Vitnemålsportalen

Personar med høgre utdanning kan dele resultata sine digitalt med arbeidsgivarar og andre gjennom den offentlege tenesta Vitnemålsportalen.

Vitnemålsportalen

  • gjer det enkelt å dele og motta resultat fra høgre utdanning.
  • sikrar at resultat som blir delte er korrekte.

Gå til Vitnemålsportalen.

Få bekrefta opplysningar om deg sjølv?

Sjå korleis du får bekrefta opplysninger om deg sjølv på nettsida vår Bekreftelser.

Kontakte UiO

Dersom studenten ikkje kan nytte Vitnemålsportalen, kan Universitetet i Oslo bekrefte vitnemål og karakterutskrifter som er utferda av universitetet. Tjenesta er går ut på at arbeidsgivarar og andre sender opplysningar og dokument om personar eller studentar til UiO, og så kan UiO bekrefte om opplysningane eller dokumenta er korrekte.

Gi oss naudsynte opplysningar om personen det gjeld på skjemaet
Bekrefte vitnemål fra UiO (bokmål) / Stadfeste vitnemål frå UiO (nynorsk)

Dersom du ikkje har kopi av vitnemålet eller karakterutskrifta til personen, kan du fylle ut berre namnet og fødselsdatoen til personen. I så fall kan vi berre stadfeste kva grad personen har oppnådd og kva eksamenar personen har bestått. UiO stadfestar ikkje annan informasjon om personen.

Du kan også skriv brev til:
Universitetet i Oslo
Avdeling for studieadministrasjon
Postboks 1072 Blindern
0316 Oslo

Vi fyller ikkje ut tredjeparts-skjema som ein del av tenesta vår.

Dersom du har spørsmål om nokon er eller har vore tilsett ved UiO, kan du kontakte fakultetet eller eininga direkte. Se einingar ved UiO.

Publisert 10. mars 2017 15:32 - Sist endret 30. okt. 2023 09:26