English version of this page

Dersom det hastar å få vitnemål

HF, SV og UV tilbyr hastebestilling for dei som har fått oppgitt ein ekstern innleveringsfrist for vitnemål. På JF kan du få ei stadfesting på den oppnådde graden saman med ei karakterutskrift.

I nokre tilfelle hastar det å få tilsendt vitnemål, til dømes dersom du har fått oppgitt ein innleveringsfrist frå ein annan studiestad, ein arbeidsgjevar, NAV, UDI eller liknande.

Dersom det er praktisk mogleg, kan vitnemålet ditt skrivast ut raskt (HF, SV og UV).  På JF kan du få ei stadfesting på den oppnådde graden saman med ei karakterutskrift.

Grunngjeving

Du må kunne grunngi kvifor du treng vitnemål innan ein viss frist. 

Skjema/kontakt

Dele resultata dine digitalt

Det er også mogleg å dele resultata dine digitalt via Vitnemålsportalen.

Spørsmål?

Vend deg til kontaktpunktet for programmet.

 

Publisert 20. sep. 2016 16:37 - Sist endret 10. aug. 2021 13:06