Grunnlaget for vitnemålet
Når du nærmar deg slutten av studietida på programmet ditt, undersøkjer fakultetet om du fyller krava til vitnemål. Grunnlaget er emna som ligg i utdanningsplanen din.
På dei fleste bachelorprogramma og på masterstudiet i rettsvitskap får du melding på e-post det semesteret du ligg an til å fullføre graden. Dette skjer i mars/april for deg som fullfører på våren og oktober/november for deg som fullfører på hausten. I e-posten får du oppgitt ein frist for å gjere endringar i utdanningsplanen.
For dei fleste masterprogramma og andre program med fast struktur får du ikkje ei særskilt melding om å rydde i utdanningsplanen din. Graden blir oppnådd det semesteret du fullfører masteroppgåva eller det siste emnet som inngår i graden.
For årsstudium får du vitnemål når du har fullført det siste emnet som kan inngå i årsstudiet.
Digitale vitnemål
Du får eit digitalt vitnemål. Du finn det digitale vitnemålet som digitalt signert pdf i dokumentarkivet i Studentweb. Du kan også dele det med andre via Vitnemålsportalen. Du loggar på Studentweb og Vitnemålsportalen med ID-porten.
Vitnemål og DS på papir og adresse
Dersom du har har behov for vitnemål også på papir, kan du be om dette. Det er også mogleg å be om Diploma Supplement (DS) på papir, anten saman med vitnemålet eller som eige dokument. Kontakt studieinformasjonssenteret på fakultetet for å bestille dette. Ikkje bestill papirvitnemål eller DS på papir før behovet oppstår.
Du kan få papirvitnemål og DS dersom du ikkje har norsk fødselsnummer eller D-nummer og såleis ikkje kan logge på Studentweb eller Vitnemålsportalen med ID-porten. Du kan også få papirvitnemål og DS dersom du treng å sende kopi av vitnemålet til utanlandske utdanningsinstitusjonar eller arbeidsgjevarar som ikkje aksepterer digitale vitnemål.
Vitnemål og DS på papir blir sendt til semesteradressa di. Hugs å endre adresse dersom du flyttar når du er ferdig som student. Du oppdaterer adressa di sjølv i Studentweb.
Vitnemålsspråk og Diploma supplement
Du får vitnemålet på norsk dersom studieprogrammet/retningen er norskspråkleg og på engelsk dersom studieprogrammet/retningen er engelskspråkleg. Treng du omsetjing av vitnemålet til eit anna språk, må du kontakte eit oversetterfirma.
Når du får vitnemål for ein grad, får du også eit vitnemålstillegg på engelsk - Diploma supplement. Vitnemålstillegget følgjer ein europeisk standard og inneheld mellom anna ei forklaring av det norske utdanningssystemet.
Har vi gløymt deg?
På grunn av kompleksiteten i ein del program fangar vi ikkje opp alle som dekkjer krava til ein grad. Dersom dette gjeld for deg, kan du bestille vitnemål sjølv.
Forbetring av karakter
Dersom du har forbetra karakteren på eit emne som inngår i graden din, kan du be fakultetet om eit nytt digitalt vitnemål i inntil to semester. Les meir om å ta eksamen på nytt.
Dersom du består den same eksamenen fleire gongar, vil det beste resultatet kome med på vitnemålet.
Dersom du har forbetra ein karakter etter at graden vart registrert som oppnådd, blir dette markert med ein merknad på vitnemålet.
Når det hastar
HF, MED, SV og UV tilbyr hastebestilling for dei som har fått oppgitt ein ekstern innleveringsfrist for vitnemål. Dette må du gjere når det hastar.
Tapt vitnemål?
Dersom vitnemålet ditt er tapt for godt, kan du søkje om å få nytt vitnemål.
Spørsmål?
Kontakt studentinfosenteret på fakultetet.