English version of this page

Utsett vitnemål ved forbetring av karakter

Dersom du ønskjer å forbetre resultat som inngår i ein grad, kan du utsetje vitnemålet i inntil to semester.

Kven kan utsetje vitnemålet?

Høvet til å utsetje vitnemålet gjeld for følgjande program:

  • Bachelorprogram
  • Masterstudiet i rettsvitskap
  • Masterprogram ved HF-fakultetet
  • Masterprogram ved SV-fakultetet
  • Masterprogram ved UV-fakultetet
  • Lektorprogrammet

Korleis søkje?

Du får informasjon frå programmet ditt om korleis du utset vitnemålet. Du vil også få ein frist for å be om utsetjing.

Dersom du klagar på ein karakter, må du likevel reservere deg innan fristen. Dersom du ikkje ønskjer å oppretthalde reservasjonen, kan du trekkje den når klagesensuren er klar.

Dei vanlege reglane om eksamensforsøk gjeld også dersom du utset vitnemålet. Du kan ikkje utsetje vitnemålet dersom du har brukt alle dei lovlege eksamensforsøka. 

Send søknad i nettskjema innan fristen for ditt program:

Kva vil stå på vitnemålet?

Dersom du består den same eksamenen fleire gongar, vil det beste resultatet kome med på vitnemålet.

Dersom du har forbetra ein karakter etter at graden vart registrert som oppnådd, blir dette markert med ein merknad på vitnemålet.

Når får du vitnemålet?

Når reservasjonsperioden er ute, får du vitnemål automatisk.

Ikkje nye emne i graden

Det semesteret du oppnår graden, blir innhaldet i graden låst. Du kan derfor ikkje utsetje vitnemålet for å ta nye emne i graden. Eventuelle nye emne dokumenterer du med ordinær karakterutskrift.

Dersom du forbetrar karakteren din etter at du har fått vitnemål, dokumenterer du det nye resultatet med ordinær karakterutskrift.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 13. mars 2017 11:51 - Sist endret 4. juni 2019 11:24