NOR2368 – Motiv- og temastudium: Fleirkulturell litteratur - kulturmøte, identitet og nyskildring av det nordiske

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Skjønnlitteratur skrive av nordiske forfattarar med migrantbakgrunn kan seiast å skrive nye identitetar inn i og i kontrast til dei gamle og dermed gje oss nye nasjonale forteljingar med multikulturelle dikursar. Tekstane vil bli studerte m.a. ut frå postkoloniale og postnasjonale teoretiske perspektiv (Benedict Anderson, Homi K. Bhabha, Edward Said) og ha fokus på korleis dei nyskildrar (”rewrite”) det å vera nordisk. Slike forteljingar (romanar, noveller, sjølvbiografiske framstillingar) er representasjonar for samfunn i endring, for integreringserfaringar og identiteskonstruksjonar, der omgrep som tid, stad og grenser er sentrale, og der eit dobbelperspektiv er gjennomgåande. Den språklege utfordringa vil også bli drøfta, anten det gjeld å tileigne seg andrespråket som litterært språk slik dei forfattarane som var migrantar har gjort (Kallifatides, Konupek, Mahloujian, Palma), eller språket si rolle i identitetsforhandlingane i ein tokulturell kontekst, slik det er for førstegenerasjonsforfattarane med migrantbakgrunn (t.d. Khemiri). Dennne litteraturen er også i ferd med å utvide den litterære kanon. Den europeiske konteksten vil bli trekt inn, m.a. døme frå britisk, nederlandsk og tysk litteratur.

Emnet vil omfatte 5 – 7 verk. Det er eit utval av dei ganske få av desse forfattarane som har slått gjennom både hos kritikarar og lesarar, skrivne i løpet av dei tre-fire siste tiåra. To svenske, eit dansk og eit norsk verk av forfattarar som var migrantar vil, saman med eitt verk av ein førstegenerasjons nordisk forfattarar og eit verk frå britisk, nederlandsk eller tysk litteratur, utgjere det skjønnlitterære pensum. 250-300 sider teoretisk og litteraturvitskapleg stoff vil gje grunnlaget for arbeidet med desse tekstane ut frå dei perspektiva som er presenterte ovanfor.

Kva lærer du?

Studentene får innsikt i litteraturens skiftende oppfatninger av sentrale motiver og temaer, utvidelse av den tekstanalytiske kompetanse, generell fordypning i og problematisering av grunnleggende emner i litteraturforskningen.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Undervisning

Seminar med 2 undervisningstimer per uke og innlagte leseuker, i alt 15 uker. Seminaret er felles med masterstudentar (NOR4468). Studentane legger fram minst ein kortare kvalifiseringsoppgave (ca 5 sider - 12 000 tegn), skriftlig eller munleg, underveis i seminaret. Oppgåven(e) må vere godkjend av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen består av en semesteroppgave på ca. 10 sider (23.000 tegn uten mellomrom). Tema for semesteroppgaven tar utgangspunkt i pensum og bestemmes av faglærer. Målform: Oppgaven skal skrives på norsk (nynorsk eller bokmål) eller et annet skandinavisk språk. Den leveres innen fastsatt dato i slutten av semesteret.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Eksamensoppgaven skal skrives på norsk (nynorsk eller bokmål) eller et annet skandinavisk språk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Vår 2008

Emne innenfor emneserien Motiv- og temastudium NOR2360

Eksamen

Samme som undervisningssemenster

Undervisningsspråk
Norsk