Dette emnet er nedlagt

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Hovudsiktemålet med emnet er å gi studentane grundige kunnskapar om dei nordiske språka. I arbeidet med emnet skal studentane også lese og lytte til tekstprøver og arbeide språkleg med tekstane, for på den måten å setje seg inn i både lydlege, grammatiske og leksikalske særdrag ved dei ulike språka. Det vil også bli arbeidd praktisk med uttale av øynordiske språk, spesielt islandsk. Innafor det temaet studenten skriv semesteroppgåve om, blir det kravd særskilt grundige kunnskapar.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for viktige skilnader mellom alle nordiske språk
  • lese og omsetje kjende og ukjende tekstar på dansk og svensk
  • gi språklege kommentarar til tekstar på alle nordiske språk
  • kjenne til hovuddraga i uttalen på islandsk og færøysk, og kunne lese islandsk tekst med akseptabel uttale
  • vurdere føremoner og ulemper med å bruke skandinaviske språk som grannespråk og som felles kommunikasjonsmedium for heile Norden
  • dokumentere særskilt grundige kunnskapar på det feltet dei skriv semesteroppgåve om

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Overlappande emne

10 studiepoeng mot NOR2116 - Nordiske språk i jamføring

Undervisning

Det blir gitt 28 timar seminarundervisning. Ei munnleg kvalifiseringsprøve skal vere godkjend av faglærar og intern sensor før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet/kvalifiseringsoppgåve er gyldig dei to neste semestra emnet blir gitt.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Den munnlege kvalifiseringsprøva må vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå meir om dette under 'Undervisning'.

Eksamen er ei semesteroppgåve på omlag 23.000 teikn utan mellomrom (10 sider), som skal leverast til fastlagd tid i slutten av semesteret. Oppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk og blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Alle eksamensoppgåver og obligatoriske innleveringar skal leverast saman med obligatorisk erklæring som vedkjem fusk

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Norsk