Dette emnet er nedlagt

FRA2513C – Normandies historie (i Caen)

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet er delt i to. Det inneheld førelesingar i Normandies historie frå Vilhelm Erobraren til den allierte landgangen i juni 1944 og førelesingar om normannisk arkitekturhistorie og om busetnad og byggjeskikk på landsbygda.

Kva lærer du?

Studentane skal få inngåande kjennskap til viktige periodar og hendingar i Normandies historie som har hatt mykje å seie ikkje berre nasjonalt, men òg internasjonalt. Dessutan skal dei få ei grundig innføring i kva som særmerkjer normannisk arkitektur og busetnaden og byggjeskikken på landsbygda.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Emnet er tilrettelagt for studenter på EURAM- og AAS-programmet. Andre studenter kan få plass ved ledig kapasitet.

Studenter som ønsker å melde seg til emnet må levere en papirsøknad til studiekonsulent Lisbeth Larsen, Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk, Pb. 1003, Blindern, 0315 OSLO, innen fristen: 15. februar 2011. Søknadsskjema fås på ekspedisjonskontoret i 7. etg.

Studenter ved bachelorprogrammene som har de anbefalte forkunnskapene blir prioritert, men som oftest er det også plass til studenter med studierett på enkeltemner. Husk å søke om studierett på enkeltemner hvis du ikke har det.

Det vil bli holdt et informasjonsmøte fredag 28. januar kl. 12.15 i sem 101, Harriet Holters hus.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Min. 10 sp. i fransk.

Anbefalte forkunnskapar

FRA1501 og/eller FRA1502.

Emnet er primært mynta på studentar på Euram-programmet med fordypning i fransk kulturkunnskap, men er også eit tilbod til studentar på andre program som godkjenner det. Emnet kan inngå som det er eller erstatte FRA1501/FRA1502 i 80-gruppe – Fransk med fordypning i språk, litteratur eller områdekunnskap (80FRA).

Undervisning

20 timar med førelesingar fordelte over 6-7 veker. Deltaking i undervisninga er obligatorisk.

Eksamen

Ein munnleg prøve ved Universitetet i Caen og ein munnleg eksamen på 25-30 minutt i heile pensum ved Universitetet i Oslo. Studentane tar med seg ein foreløpig karakter fra eksamenen i Caen og får den endelige karakteren etter den munnlege eksamenen ved UiO.

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Undervisning

Kvar haust

ved Universitetet i Caen/OFNEC

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Fransk