FRA4309 – Idéologie et littérature française

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet gir ei innføring i forholdet mellom ideologi og litterær verksemd. Studentane lærer om forskjellige tilnærmingar til samfunn og litteratur, og vert medvitne kva rolle ideologi kan spele, både i utforminga og i forståinga av litterære tekstar. Tekstar frå ein eller fleire franske forfattarar vil bli vektlagt i undervisninga. 

Våren 2018 vil emnet omhandle forholdet mellom ideologi og litterær omsetting.

Kva lærer du?

Når du har fullført dette emnet, kan du:

  • forklare kva for ei rolle ideologi speler i utforminga og forståinga av litterære tekstar
  • drøfte utvalde litterære verk knytte til ulike ideologiar
  • tolke utvalde litterære tekstar frå ein ideologisk medviten ståstad
  • nytte eit omgrepsapparat for å skildre ideologisk basert litteraturfortolkin

Våren 2018 kan du i tillegg:

  • drøfte ulike omsettingsstrategiar knytte til ulike ideologiear
  • omsette litteratur frå ein ideologisk medviten ståstad
  • nytte eit omgrepsapparat for å skildre ideologisk omsetting

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Undervisning

Undervisninga består av ein dobbelttime seminar i 10 veker. Det er obligatorisk å levere inn eit førsteutkast på semesteroppgåva, og det er venta at studentane deltek aktivt i undervisninga. Det er obligatorisk oppmøte til 7 av 10 seminar for å kunne gå opp til eksamen.

Eksamen

Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på 9 -12 sider (à 2300 teikn utan mellomrom). Tema for oppgåva vert bestemt av studenten i samråd med faglærar. Oppgåva må innehalde kjeldetilvisningar og bibliografi.

Eksamensspråk

Fransk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Vår 2018

Eksamen

Vår 2018

Undervisningsspråk

Norsk og fransk