ITA2307 – Italiensk teater (og film)

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Italiensk drama og teater frå 1500-talet til Dario Fo. Eit tekst- og teaterbasert kurs som byggjer på (til dels fritt valde) tekstar frå renessansekomedier, barokktragedie, commedia dell'arte -scenari, Goldoni-tekstar, Verga og naturalismen, Pirandello, Ugo Betti, Dario Fo og andre samtidige (med høve til val av film). Tekstlesing og tolking (òg scenisk), litteratur og teaterhistorie.

Kva lærer du?

Oppbygging av førstehandskjennskap til den rike italienske dramatradisjonen som gjennom tidene har vore så viktig for europeisk teater og drama. Kurset tar sikte på å gje studenten ei kjensle av kva som er det spesifikt teatralske i den italienske tradisjonen. Kurset kan bli avlyst dersom teaterprosjektet ikkje kan gjennomførast grunna mangel på deltakarar. Det vil då bli erstatta av ITA2302 og ITA2303.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

ITA1101 – Italiensk språk og ITA1102 – Italienske tekster.

Anbefalte forkunnskapar

Lesedugleik og dugleik i munnleg italiensk

Undervisning

Eit 12 vekers kurs med 1 dobbelttime i veka for tekstlesing, kommentar og historisk bakgrunnskunnskap. 2 veker er sette av til eit teaterprosjekt, som skal resultere i at gruppa improviserer på italiensk ut frå eit commedia dell'arte -scenario. 4 veker til prosjektoppgåve og sjølvstudium.

Eksamen

Kvar student skriv ei prosjektoppgåve (ca. 10 s.) om eit skodespel (eller ein film) valt frå dei tekstane som har vore drøfta. Oppgåva kan skrivast på italiensk eller norsk og vurderast for karaktersetjing av faglærar. Det felles teaterprosjektet til gruppa skal godkjennast av ein ekstern sensor blant publikum.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Våren 2005 og uregelmessig

Eksamen

Våren 2005 og uregelmessig

Undervisningsspråk

Italiensk tale- og eventuelt òg kroppsspråk