ITA2314 – Italiensk etterkrigslitteratur, 20. århundre

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Litteraturhistorie og teksttolking av representative verk frå det 20. århundre. Studentane skal lese utvalde tekstar frå ITA2301 Antologia di tesi brevi II. I tillegg, gjennomgang av desse verkene:

Alberto Moravia: Agostino (1945)

Italo Calvino: Marcovaldo (1958/63) utvalde noveller

Luigi Malerba: Salto mortale (1968)

Dario Fo: Morte accidentale di un anarchico( 1970)

Pier Vittorio Tondelli: Altri libertini (1980) utvalde noveller

Allessandro Baricco: Novecento (1994)

Kva lærer du?

Oppøving i å analysere dei verka som blir studert både frå ein stilistisk og ein tematisk synsstad.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Anbefalte forkunnskapar

ITA 1101 og ITA1102 – Italienske tekster eller tilsvarande førekunnskapar.

Undervisning

Kurset går i haustsemesteret i 14 veker, fordelt på 1 dobbelttime i veka. To veker for oppgåveskriving.

Eksamen

2 obligatoriske heimeoppgåver: 1 tekstanalyse på 3. s. à 2300 teikn og 1 generell kommentaroppgåve på 5 s. à 2300 teikn som skal skrivast på norsk og skal leverast i 2 eksemplar til faglærar. Oppgåvene tel likt og får bokstavkarakter av faglærar.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Hausten 2005

Eksamen

Hausten 2005

Undervisningsspråk

Norsk og italiensk