Dette emnet er nedlagt

ITA4304 – Italiensk litteratur frå 1200- og 1300-tallet

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Ei tekstbasert innføring i religiøs og verdsleg dikting frå opphavet til den italienske litteraturen til kulminasjonen med dei tre store diktarane på 1300-talet: Dante, Boccaccio og Petrarca.

Kva lærer du?

Førstehandskjennskap til opphavet til den italienske litteraturen, til dei store verka og forståing av den åndelege og litterære brytinga mellom mellomalder og renessanse og mellom latin og italiensk. Særpensum for mastergradsstudentar: 30 s. italiensk lyrikk før Dante, medrekna gli stilnovisti: Dante: Vita nova, Il Convivio, Trattato primo, Boccaccio: 50 ekstra sider fra Decameron, Petrarca: fem canzoni fra Il Canzoniere.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ein italiensk studieretning frå eit bachelorprogram eller tilsvarande.

Anbefalte forkunnskapar

Solid kjennskap til italiensk språk, òg frå dei eldre periodane. Kan eventuelt takast saman med ITA2104 – Italiensk fonologi (nedlagt).

Undervisning

Emnet er eit leseemne med rettleiing frå faglærar. Studentane kan fylgje undervisninga i ITA2304.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html

Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.

Kvar student skriv i løpet av dette leseemne ei semesteroppgåve på italiensk innanfor tekstanalyse på ca. 8 s. (à 2300 teikn) pluss forside og bibliografi. Den vil bli gjeve bokstavkarakter.

For å kunne levere semesteroppgåva, skal studenten levere etter fastsatt frist ei kort oppgåve på 2 s. (à 2300 teikn)(på italiensk) av ein tekst eller rundt ei problemstilling, som må godkjennast av læraren.

Den kortere oppgåva og semesteroppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi som er utforma etter gitte normer Error: Reference resolver with name '//www.hf.uio.no/sitat/' not found.

Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk”, skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Undervisning

Kvar haust

Emnet er eit leseemne.

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk