ITA4314 – Italiensk etterkrigslitteratur, 20. århundre

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Litteraturhistorie og teksttolking av representative verk frå det 20. århundre. Studentane skal lese utvalde tekstar frå ITA2301 Antologia di tesi brevi II. I tillegg, gjennomgang av desse verka:

Alberto Moravia: Agostino (1945)

Italo Calvino: Marcovaldo (1958/63) utvalde noveller

Luigi Malerba: Salto mortale (1968)

Dario Fo: Morte accidentale di un anarchico( 1970)

Pier Vittorio Tondelli: Altri libertini (1980) utvalde noveller

Allessandro Baricco: Novecento (1994)

Kva lærer du?

Fordjupning og kritisk lesing i utvalgte problemstillingar og forfatterskap i det 20. århundre etter samråd med faglærar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Minst 30 studiepoeng med italienskstudium eller ulike kombinasjonar av litterære og historiske studium.

Anbefalte forkunnskapar

Lesedugleik i italiensk.

Undervisning

Kurset går i haustsemesteret i 14 veker, fordelt på 1 dobbelttime i veka. To veker for oppgåveskriving.

Eksamen

2 obligatoriske heimeoppgåver: 1 tekstanalyse på 3. s. à 2300 teikn og 1 generell kommentaroppgåve på 5 s. à 2300 teikn som skal skrivast på italiensk og skal leverast i 2 eksemplar til faglærar. Oppgåvene tel likt og får bokstavkarakter.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Hausten 2005 og uregelmessig

Eksamen

Hausten 2005 og uregelmessig

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk