Dette emnet er nedlagt

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Lesing og kommentar til Dante Alighieris Purgatorio canto XXI ff.

Kva lærer du?

Fordjupning i tankeverda i høgmellomalderen slik den møter oss i det kunstnarlege uttrykket til Dante.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Minst 30 studiepoeng med italienskstudium eller ulike kombinasjonar av litterære og historiske studium.

Anbefalte forkunnskapar

Litterær sans og interesse for tenkjemåten i eldre perioder.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot ITA2315 – Lectura Dantis III (nedlagt)

Undervisning

Undervisninga vert gitt som seminar med 2 timar i 10 veker, til saman 20 timar. Ein føreset at studentane deltek aktivt munnleg under kurset.

Eksamen

2 obligatoriske oppgåver: ein tekstanalyse på 3 s. à 2300 teikn + eit essay på 4 s. à 2300 teikn som skal skrivast på italiensk, skal leverast i 2 eksemplar til faglærar. Oppgåvene tel likt og får bokstavkarakter.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Undervisning

Haust 2005

Kvart tredje høstsemester

Eksamen

Haust 2006

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk