Sensorrettleiing 3. avdeling våren 2006

Heimeeksamen

1. Generelt om oppgåva

Oppgåva er todelt: Del I handlar om lojalitetsplikt i kontraktsforhold, medan del II handlar om lojalitetsplikt utanfor kontraktsforhold. Oppgåva reiser sentrale spørsmål innanfor avtale- og obligasjonsretten og den dynamiske tingsretten. Dette er problemstillingar som kandidatane etter læringskrava skal ha ”god forståelse” for. Vurderinga av oppgåvesvara må skje i lys av dette.

Pensumdekninga må seiast å vere god både når det gjeld del I og del II. Rettslitteraturen på området kan gi ei viss hjelp ved løysing av oppgåva, men gir ikkje klare og udiskutable svar på dei problemstillingane oppgåva reiser. Oppgåva er gitt ei utforming som inviterer til stor grad av sjølvstendig tenking og analyse. Slik oppgåva er formulert, er det særleg grunn til å honorere dei som evnar å kombinere sjølvstende og kreativitet med godt juridisk skjøn. For å seie det med Kai Krüger (forordet til Pengekrav, 1984): ”Godt juridisk arbeid – også eksamenskandidatens – er kreativt – ikke reproduktivt!”.

Oppgåveteksten er klart formulert og bør ikkje reise særleg tolkingstvil. Disponeringa av oppgåva bør heller ikkje valde problem. Dei aller fleste kandidatane vil nok sjå seg tente med å følgje systematikken i oppgåveteksten, men det må vere rom for å disponere oppgåva på andre måtar så lenge disposisjonen er logisk og oversiktleg. Oppgåveteksten presiserer ikkje kor mykje kandidatane skal skrive om dei forskjellige spørsmåla. Kandidatane må her utvise eit forsvarleg skjøn i lys av den ordgrensa som er sett. Kandidatar som har ei pregnant framstillingsform, bør få utteljing for det. Tilsvarande bør unødig ordrikdom trekkje ned.

Oppgåveforma – med stor vekt på analyse og syntese av rettspraksis – kan kanskje verke uvand for enkelte kandidatar. Om nokon skulle bomme litt på forma, bør ikkje det medføre særleg trekk dersom eksamenssvaret elles vitnar om kunnskap og forståing.

2. Del I (lojalitetsplikt i kontraktsforhold)

I pensumlitteraturen er emnet dekt i:
• Viggo Hagstrøm: Obligasjonsrett, Oslo 2003 s. 73–76, sjå også s. 65.
• Jo Hov: Avtalebrudd og partsskifte, Oslo 2002 s. 36.
• Jo Hov: Avtaleslutning og ugyldighet, Oslo 2002 s. 38, 41–45, 168, 250, 272–273.
• Geir Woxholth: Avtalerett, Oslo 2003 s. 341, 349–352 og 451.

Av annan litteratur nemner eg:
• Johan Giertsen: Avtaler, Bergen 2006 s. 168–173, 177–179, 207–209 og 263.
• Olav Hasaas: Lojalitetsplikt i norske og internasjonale kontraktsforhold, inntatt i Industribygging og rettsutvikling: juridisk festskrift i anledning Hydros 100-årsjubileum, Bergen 2005 s. 329–338.
• Erlend Haaskjold: Kontraktsforpliktelser, Oslo 2002 s. 34–37.
• Lasse Simonsen: Prekontraktuelt ansvar, Oslo 1997 s. 7 og s. 157–160.
• Arne Falkanger Thorsen: Lojalitetsplikt i kontraktsforhold, Jussens Venner 1993 s. 36–54.

Spørsmål 1 a)
Kandidatane blir bedne om å gjere greie for innhaldet i prinsippet om lojalitetsplikt i kontraktsforhold med utgangspunkt i fem høgsterettsdommar.

Det er her meininga at kandidatane skal gjennomføre ein syntese av dommane. Det er dermed viktig at drøftinga har ei klar forankring i dei dommane som er nemnde. Dette utelukkar ikkje at kandidatane også kan trekkje inn andre relevante dommar eller synspunkt frå teorien, jf. formuleringa ”med utgangspunkt i”. Hovudtyngda skal likevel liggje på dei nemnde dommane. Det er ikkje nødvendig – og vel heller ikkje tenleg – å gå detaljert inn på saksforholdet i kvar einskild dom. Presentasjonen av dommane treng ikkje å vere meir utførleg enn det som er nødvendig for å kunne trekke generelle, grunngitte slutningar frå dommane. Dei som evnar å trekkje ut essensen av dommane, bør få utteljing for det.

Etter mitt syn kan dommane gi grunnlag for m.a. følgjande slutningar:

• Det eksisterer eit generelt prinsipp om lojalitetsplikt i kontraktsforhold.
• Prinsippet gjeld i alle fasane av eit kontraktsforhold, jf. Rt. 1988 s. 1078 på s. 1084. Gjennom utviklinga av det prekontraktuelle og postkontraktuelle ansvaret, gjeld det eit lojalitetsprinsipp også ved mislykka kontraheringsforsøk og i kjølvatnet av oppfylte kontraktar. Dette kan det ikkje forventast at kandidatane går inn på.
• Det let seg ikkje gjere å gi ei kortfatta og presis skildring av innhaldet i prinsippet, men kjernen i prinsippet er eit ”krav om aktsom og lojal opptreden”, jf. Rt. 1988 s. 1078 på s. 1084. I dette ligg at partane ikkje einsidig kan hevde sine eigne interesser, men i nokon grad må vareta interessene til kvarandre.
• Ved fastsetjinga av grensa mellom illojalitet og legitim varetaking av eigeninteresser, må det takast omsyn til kva som er rimeleg å forvente av medkontrahenten, jf. Rt. 1984 s. 28 på s. 35 og Rt. 1988 s. 1078 på s. 1084.
• Prinsippet har generelt mest å seie i varige avtaleforhold som føreset eit særleg tillitsforhold mellom partane (t.d. kausjonsavtalar – Rt. 1984. s. 28), men kan etter omstenda spele ei sentral rolle også i andre avtaleforhold, særleg dersom det er tale om store verdiar (t.d. kjøpsavtalar – Rt. 2004 s. 1256).
• Innhaldet i lojalitetsplikta må avpassast etter styrkeforholdet mellom partane, jf. Rt. 1984 s. 28 på s. 36, Rt. 1987 s. 442 på s. 446 og Rt. 1988 s. 1078 på s. 1085 (sjå også Rt. 1995 s. 1460 om illojalitet som ugyldigheitsgrunn i kommersielle avtaleforhold).
• Handlemåten til ein kontraktspart kan skape ei forventing om lojalitet som har rettsleg vern, jf. Rt. 2004 s. 1256.
• Lojalitetsprinsippet kan innverke på tolkinga av ein avtale, jf. Rt. 2005 s. 268, premiss 55.
• Brot på prinsippet kan føre til ugyldigheit og kan representere eit kontraktsbrot, jf. Rt. 1984 s. 28, Rt. 1987 s. 442, Rt. 2004 s. 1256 og Rt. 2005 s. 268.

Dette er inga uttømande liste. Det må vere rom for at kandidatane også trekkjer andre slutningar frå dommane, eller at kandidatar i nokon mon går inn på sider ved lojalitetsprinsippet som ikkje følgjer av dommane. I denne delen av oppgåva har kandidatar med gode analytiske evner og høgt presisjonsnivå rikeleg høve til å vise seg fram. Det er positivt om kandidatane freistar å utpensle det nærmare innhaldet i lojalitetsprinsippet, men det kan ikkje stillast krav om at kandidatane gjer utførleg greie for alle sider ved prinsippet. Det sentrale er at hovudinnhaldet i prinsippet kjem klart fram, og at drøftinga har tilstrekkeleg forankring i dei nemnde dommane.

Kandidatar som plasserer prinsippet i ein større rettsleg samanheng, bør honorerast for det. Det kan her vere naturleg å nemne kontraktsbrotslæra, reglane om ugyldigheit og kontraktsrevisjon (særleg avtl. §§ 33 og 36 og læra om bristande føresetnader) og prinsippa for avtaletolking.

Spørsmål 1 b)
Spørsmålet dreier seg om det rettskjeldemessige grunnlaget for lojalitetsprinsippet.

Til dette spørsmålet er det fleire moglege innfallsvinklar, og det finst ikkje eit fasitsvar på kva som vil vere den beste tilnærminga. Eitt alternativ er å seie at prinsippet følgjer av rettspraksis. I lys av dommane på området må ein med ein viss rett kunne hevde at prinsippet har grunnlag i rettspraksis. Ei slik tilnærming blir likevel noko mangelfull dersom kandidatane ikkje også drøftar kva slags kjelder Høgsterett bygde på første gongen lojalitetsprinsippet uttrykkeleg vart lagt til grunn som eit eige avgjerdsgrunnlag (Rt. 1984 s. 28). Nils Nygaard Rettsgrunnlag og standpunkt, Oslo 2004 s. 279 og 280 brukar prinsippet som eit døme på allmenne rettsgrunnsetningar. Eit tredje alternativ er å forankre prinsippet i lov. Ei rekke føresegner i kontraktslovgivinga byggjer på lojalitetsomsyn, og det kan hevdast at desse føresegnene er utslag av eit allment prinsipp som må gjelde også på ulovfesta område. Eit fjerde alternativ er å seie at ei plikt til lojal oppfylling må tolkast inn i einkvar avtale, og at grunnlaget for lojalitetsplikta såleis er den enkelte avtale. Det er på det reine at lojalitetsplikta kan følgje av avtale (jf. spørsmål 2), men den enkelte avtalen gir klart nok ikkje heimel for den generelle, ulovfesta lojalitetsplikta. Enkeltståande avtalar kan ikkje gi heimel for generelle reglar som skal gjelde for alle kontraktsforhold. Det kan derimot avtalepraksis og kutymar gjere, men lojalitetsprinsippet er nok ikkje primært forankra i desse kjeldene. Enkelte vil kanskje nemne reelle omsyn, enten åleine eller i tilknyting til allmenne rettsgrunnsetningar. Eit siste alternativ er å seie at lojalitetsprinsippet har eit samansett rettsgrunnlag, dvs. at prinsippet er utvikla i rettspraksis på grunnlag av allmenne rettsgrunnsetningar, reelle omsyn, kontraktslovgivinga etc. (sjå nærmare om ”samverkande rettskjeldefaktorar” i Nils Nygaard s. 105 og 106). Det siste er kanskje det mest treffande, men på dette punktet er det rom for ulike oppfatningar. Kvaliteten på drøftingane er her viktigare enn konklusjonen. 

Spørsmål 1 c)
Første spørsmål er om prinsippet berre er ein karakteristikk av eit resultat som følgjer av andre rettsgrunnlag, eller om prinsippet har sjølvstendig rettsleg relevans.

I Kåre Lilleholt, Avtale om ny bustad, Oslo 2001 s. 39 blir følgjande uttalt om dette:

”Uttrykk som lojalitetsplikt er stikkord eller ein karakteristikk av eit resultat, eventuelt med sikte på å vise likskap mellom reglar. Ein bør vere varsam med å tru at ein kan trekkje slutningar frå lojalitetsplikt (e.l.) som ”prinsipp” eller ”retningsline”. Andre er kanskje meir optimistiske i så måte, jf. til dømes Nygaard, Rettsgrunnlag og standpunkt s. 227–230 og Selvig/Hagstrøm: Kontraktsrett til studiebruk 1 s. 14–19.”

Det kan kanskje vere grunn til å skilje mellom to spørsmål. Det eine er om lojalitetsprinsippet kan vere eit sjølvstendig, rettsleg grunnlag for løysing av avtale- og obligasjonsrettslege spørsmål. Det andre er om lojalitetsprinsippet rekk lenger enn andre aktuelle grunnlag (jf. neste spørsmål). Utfrå rettspraksis er det ikkje tvilsamt at det må svarast stadfestande på det første spørsmålet. Det andre spørsmålet er nok meir tvilsamt. Rettspraksis gir ikkje klare haldepunkt for at lojalitetsprinsippet kan føre til ugyldigheit og kontraktsrevisjon i større utstrekning enn det som følgjer av avtl. §§ 33 og 36, læra om bristande føresetnader osv. (sjå t.d. Giertsen s. 179). Det er nok lettare å tenkje seg lojalitetsprinsippet som eit sjølvstendig og meir vidtgåande grunnlag for å statuere kontraktsbrot eller for å presisere eller modifisere sanksjonsreglane (t.d. reklamasjonsreglane og reglane om tapsavgrensingsplikt). Men dette er ikkje opplagt, ettersom det er lang tradisjon for at lojalitetsomsyn kan vere relevante ved tolking og fastsetjing av dei rettane og pliktene partane har etter kontrakten. Dommen i Rt. 2004 s. 1256 gir likevel nokså klar støtte til det syn at lojalitetsplikta kan vere eit sjølvstendig grunnlag for å konstatere kontraktsbrot, også i tilfelle der dette ikkje følgjer av andre rettsgrunnlag.
 
Oppgåva inviterer her til sjølvstendig tenking og refleksjon. Dei som resonnerer forstandig omkring dette, bør få utteljing for det. Motsett bør det medføre trekk om nokon gir klare og bastante svar utan tilstrekkeleg grunngiving.

Det neste spørsmålet er om resultatet i nokre av dei nemnde dommane ville blitt eit anna om Høgsterett ikkje hadde nytta lojalitetsprinsippet.

Studentane blir her invitert til å drøfte alternative grunnlag eller teknikkar for løysing av rettsspørsmåla i dei fem sakene. Dette kan t.d. vere:

• Avtl. §§ 33 og 36 og læra om urette eller bristande føresetnader (Rt. 1984 s. 28, Rt. 1987 s. 442 og Rt. 1988 s. 1078)
• Avtaletolking (Rt. 2004 s. 1256 og Rt. 2005 s. 368)
• Lovreglar (Rt. 2004 s. 1256 – aksjelova § 4-17 første ledd)
• Allmenne kontraktsrettslege reglar (Rt. 1988 s. 1078 – kausjonsrett)

I både Rt. 1984 s. 28 og Rt. 1987 s. 442 blir lojalitetsprinsippet og avtl. § 33 brukt som sidestilte grunnlag. Resultatet i dommane ville dermed ha blitt det same sjølv om Høgsterett ikkje hadde nytta lojalitetsprinsippet. I Rt. 1988 s. 1078 kom Høgsterett til at kreditor ikkje hadde handla illojalt i forhold til kausjonisten, og at det dermed ikkje låg føre kontraktsbrot. Kontraktsbrot kunne heller ikkje statuerast på anna grunnlag. Heller ikkje i Rt. 2005 s. 368 er det haldepunkt for at resultatet ville ha blitt eit anna om Høgsterett ikkje hadde trekt inn lojalitetsprinsippet. For det første blir lojalitetssynspunkt berre trekt inn som eitt av fleire moment i avtaletolkinga, og utan at det utgjer ein sentral del av grunngivinga. For det andre er det vanleg å sjå på lojalitetsprinsippet ved avtaletolking som ein variant av den såkalla ”god tru-standarden”. Dette er eit innarbeidd tolkingsprinsipp som ofte blir lagt til grunn utan at det blir vist til lojalitetssynspunkt. 

Utfallet i Rt. 2004 s. 1256 kunne neppe ha blitt det same utan at fleirtalet i Høgsterett hadde basert avgjerda på lojalitetsplikta i kontraktsforhold. Førstvoterande uttaler på vegne av fleirtalet at den plikta kjøparen i dette tilfellet hadde til å gi seljaren ein sjanse til å få styregodkjenninga på plass, ”følger av den alminnelige lojalitetsplikten i kontraktsforhold” (premiss 45). Mindretalet på to dommarar meiner at kjøparen ikkje hadde ei slik plikt, og kjem følgjeleg til eit anna resultat. Eg har vanskeleg for å sjå at seljaren i dette tilfellet kunne fått medhald på anna grunnlag, t.d. avtl. § 36. Eg legg i den samanhengen vekt på at både fleirtalet og mindretalet var samde om at nektingsvedtaket frå styret i utgangspunktet gav kjøparen rett til å krevje avtalen omgjort, og at omgjeringskravet vart sett fram forholdsvis kort tid etter nektingsvedtaket. Vidare må det vere klart at kravet om vesentleg kontraktsbrot i avhendingslova §§ 4-3 og 4-13 ikkje gjeld i tilfelle der ein kjøpar krev omgjering av avtalen etter aksjelova § 4-17 første ledd nr. 1. Etter alt å dømme ville såleis resultatet ha blitt eit anna dersom avgjerda ikkje hadde blitt basert på lojalitetsprinsippet. Votumet til andrevoterande er for så vidt illustrerande.

Det er ein nær samanheng mellom dei to spørsmåla som er stilt under spørsmål 1 c). Kandidatane må derfor kunne drøfte dei samla. Ein bør gi utteljing til kandidatar som ser at lojalitetsprinsippet kan ha sjølvstendig rettsleg relevans, men at prinsippet i mange tilfelle ikkje strekkjer seg lenger enn det som følgjer av andre grunnlag. Av dei dommane som er nemnde i oppgåveteksten, er det Rt. 2004 s. 1256 som bør drøftast mest inngåande. Det må vere fullt forsvarleg å gjennomføre korte drøftingar av dei andre dommane, så sant det kjem fram kvifor andre grunnlag ikkje ville ha gitt eit anna resultat.

Spørsmål 2
Kandidatane skal her gjere greie for om ei særskilt avtaleregulering av lojalitetsplikta har sjølvstendig rettsleg relevans. Spørsmålet byggjer på ein føresetnad om at det eksisterer eit allment kontraktsrettsleg lojalitetsprinsipp, jf. spørsmål 1 a).

Ein del kandidatar vil nok drøfte spørsmålet på eit generelt og overordna plan, medan andre sannsynlegvis vil kople drøftinga meir direkte til den aktuelle avtaleklausulen. Begge tilnærmingsmåtane kan forsvarast, men drøftinga bør helst få eit prinsipielt tilsnitt og ikkje utelukkande knyte seg til den konkrete avtalen.   

Enkelte vil kanskje hevde at ei avtalefesting av lojalitetsprinsippet ikkje vil ha sjølvstendig rettsleg relevans, fordi lojalitetsprinsippet er eit allment prinsipp som uansett vil gjelde for alle kontraktsforhold. Det er korrekt at ei avtalefesting i nokre tilfelle ikkje vil ha sjølvstendig rettsleg relevans. Slik kan det t.d. vere dersom det er tale om samarbeidsavtalar, rådgivingsavtalar og andre avtalar som byggjer på stor grad av gjensidig tillit, og avtaleklausulen om lojalitetsplikt ikkje seier meir enn det som følgjer av det ulovfesta prinsippet. Ser vi bort frå desse tilfella, kan ei avtalefesting av prinsippet ha rettsleg relevans på to måtar:

For det første kan ei avtalefesting av lojalitetsprinsippet seie noko om korleis partane oppfattar kontraktsforholdet – typisk at kontrakten skal byggje på eit sterkare innslag av gjensidig tillit og samarbeid enn det som elles er vanleg for vedkomande kontraktstype. Partane kan gjennom avtaleregulering så å seie ”definere” at det skal vere ein avtale der lojalitetssynspunkt står særleg sterkt, noko som er relevant ved vurderinga etter det allmenne, ulovfesta prinsippet, jf. merknadene til spørsmål 1 a). Poenget er at lojalitetsprinsippet kan ha ulike gjennomslagskraft i ulike avtaleforhold, og at partane sjølve – gjennom avtaleregulering – kan øve innverknad på kor stor gjennomslagskraft prinsippet skal ha.

For det andre kan partane avtalefeste ei lojalitetsplikt som går lenger (ev. kortare) enn det som følgjer av det allmenne, ulovfesta prinsippet. Om det er tilfelle, er i prinsippet eit konkret tolkingsspørsmål. Den avtalefesta plikta partane i den nemnde bokavtalen har til å medverke til at sine medlemmar opptrer ” lojalt mot intensjonene og virkemidlene” i avtalen, kan kanskje vere døme på ei avtalefesta lojalitetsplikt som strekkjer seg lenger enn det som følgjer av det ulovfesta prinsippet. Utover dette har § 5.1 i bokavtalen neppe sjølvstendig rettsleg relevans.

Dei som skriv nyansert om dei problemstillingane spørsmål 2 reiser, fortener stor honnør for det. Det er nok ikkje alle som evnar å få like mykje ut av dette spørsmålet, og det er dess større grunn til å kreditere dei som skriv innsiktsfullt og godt.

3. Del II (lojalitetsplikt utanfor kontraktsforhold)

I pensumlitteraturen er emnet dekt i:
• Thor Falkanger: Tingsrett, Oslo 2000 s. 673–709, sjå særleg s. 698–707.

Av annan litteratur nemner eg:
• Jens Edvin Andreasen: I hvilken utstrekning kan forhåndstinglyste obligasjoner lånes opp med bibehold av tinglyst prioritet? Tidsskrift for Rettsvitenskap 1990 s. 737, særleg s. 751 flg.
• Thor Falkanger: Opplåning og lojalitetsplikt, Lov og Rett 1995 s. 100–112.
• Thomas Horn og Henrik Garmann: Opplåning og prioritet, Oslo 2000 særleg s. 105–149.
• Tore Lunde: God forretningsskikk næringsdrivande imellom, Bergen 2001 s. 48 og 49 og s. 430 flg., særleg s. 433.
• Jens Edvin A. Skoghøy: Panteloven, Oslo 2003 s. 165–172.

Spørsmål 1 a)
I denne delen av oppgåva skal kandidatane først gjere greie for innhaldet i det lojalitetsprinsippet som blir nytta i Yousuf-dommen (Rt. 1994 s. 775).

Lojalitetsprinsippet bør her plasserast i ein større samanheng. Prinsippet inngår som ein del av problematikken om i kva grad pantobligasjonar som det er skaffa rettsvern for, kan lånast opp med prioritet frå rettsvernstidspunktet. Kandidatane bør få fram at opplåningsretten stiller seg forskjellig overfor ulike etterståande heftingar (avtaleerverv og kreditorbeslag), og at lojalitetsprinsippet berre gjeld i forholdet mellom avtalepanthavarar på ulik prioritet.

Det rettslege utgangspunktet bør kome fram: At innehavaren av ein føreståande obligasjon i samråd med eigaren har ein vilkårslaus opplåningsrett overfor etterståande panthavarar så langt prioritetsreservasjonen rekk. Lojalitetsplikta knyter seg til eit unntak frå dette utgangspunktet, nemleg at eigaren av pantet kan ha forplikta seg overfor ein eller fleire etterståande panthavar til ikkje å vidare- eller gjenopplåne føreståande obligasjonar. Dersom den føreståande panthavaren er gjort kjent med dette, medfører lojalitetsprinsippet i Yousuf-dommen at han i utgangspunktet ikkje kan låne opp obligasjonen til fortrengsel for den prioriteten den etterståande skal ha etter avtalen med pantsetjaren. Høgsterett oppstiller ein reservasjon for det tilfelle at føreståande panthavar ”har en bestemt interesse i å utvide sitt engasjement”, typisk når kredittforholdet ikkje godt kan avbrytast utan at panthavaren risikerer å lide tap. I denne situasjonen vil det ikkje vere illojalt å utvide engasjementet.

Det er fint om kandidatane reiser spørsmål om lojalitetsprinsippet inneber at den føreståande panthavaren har ei plikt til å undersøkje om eigaren av pantet har inngått ein avtale med ein etterståande panthavar som er til hinder for opplåning. Skoghøy s. 172 meiner at Yousuf-dommen ikkje gir grunnlag for ei slik undersøkingsplikt, medan Falkanger s. 706 verkar meir tilbøyeleg til å meine at den føreståande panthavaren har ei slik plikt. Horn og Garman s. 118 synest å vere på linje med Skoghøy. Vidare er det positivt om kandidatane seier noko om rekkevidda til prinsippet. Det er dels eit spørsmål om prinsippet også gjeld ved pant i fast eigedom og andre realregistrerte formuesgode (sjå t.d. Falkanger s. 705), dels eit spørsmål om prinsippet har innverknad på tolkinga av luftfartslova § 3-30 (sjå Falkanger s. 707 og Skoghøy s. 169).

Kandidatar som set eit kritisk søkelys på dommen, bør få utteljing for det, men utan at ein gir tilsvarande trekk for dei som nøyer seg med å presentere innhaldet i lojalitetsprinsippet. Dommen vart avsagt ”under tvil” på eit forholdsvis spinkelt grunnlag og er den einaste høgsterettsdommen å området som byggjer på eit lojalitetsprinsipp. Det kan reisast tvil om dommen gir uttrykk for gjeldande rett, sjå t.d. Horn og Garman s. 154 som meiner at ”man verken de lege ferenda eller de lege lata [bør] legge til grunn en regel om at panthavers opplåningsrett er underlagt en begrensning i form av en lojalitetsplikt overfor mellomkommende panthavere”. Det kan også reisast spørsmål om det eigentleg er illojalt å gjen- eller vidareopplåne innanfor ramma av ein prioritetsreservasjon. Det kan hevdast at ein etterståande panthavar som har gjort ”innbrot” i prioritetsreservasjonen, ikkje fortener det rettslege vernet som lojalitetsprinsippet gir. I eit slikt perspektiv kan ein argumentere for at det er den etterståande som eventuelt er den illojale, og ikkje den føreståande, som berre utnyttar den opplåningsretten som han har sikra seg i avtalen med eigaren.

Spørsmål 1 b)
Dette spørsmålet svarer til spørsmål 1 b) i del I, men det er på det reine at lojalitetsprinsippet mellom avtalepanthavarar på ulik prioritet ikkje er like sterkt rettskjeldemessig fundert som lojalitetsplikta i kontraktsforhold.

Lojalitetsplikta mellom avtalepanthavarar har ikkje støtte i lov, snarare tvert imot, jf. luftfartslova § 3-30. Før Yousuf-dommen hadde prinsippet heller ikkje støtte i rettspraksis, jf. særleg Rt. 1909 s. 117 (Løvlie-dommen) og Rt. 1910 s. 177 (Halvorsen-dommen). I Yousuf-dommen gir Høgsterett uttrykk for at ”gode grunner” talar mot eit lojalitetsprinsipp, men kjem likevel til at det ”må gjelde” eit slikt prinsipp (s. 781 i dommen). Det blir vist til at ”denne mer nyanserte betraktningsmåte har atskillig støtte i eldre juridisk teori”. Ein gjennomgang av eldre teori viser at det kan setjast spørsmålsteikn ved denne påstanden, sjå nærmare Horn og Garmann s. 129–143. Høgsterett fann det dessutan ”vanskelig å ta stilling til de kryssende oppfatninger” som har vore gjort gjeldande i ”den juridiske teori” (s. 781 i dommen). Vidare viser Høgsterett til ein dansk høgsterettsdom, (UfR 1979 s. 566), men lojalitetssynspunkt synest ikkje å stå sentralt i den dommen. Det kan verke som om det lojalitetsprinsippet som blir oppstilt i Yousuf-dommen, reelt byggjer på ei vurdering av reelle omsyn, sjå i denne samanhengen Nils Nygaard s. 280–281, som meiner at oppstillinga av eit lojalitetskrav i realiteten var ”ei rettsskaping”.

Som under det tilsvarande spørsmålet i del I, blir det noko mangelfullt om kandidatane nøyer seg med å skrive at prinsippet følgjer av rettspraksis utan å drøfte kva slags kjelder Høgsterett bygde på i Yousuf-dommen. Det kan vidare vere naturleg å drøfte den rettskjeldemessige vekta av dommen. Sentralt i denne samanhengen er at dommen er avsagt ”under tvil” på forholdsvis spinkelt grunnlag, og at Høgsterett sjølv meinte at ”gode grunner” talte for den motsette løysinga. Det er vel også eit poeng at Høgsterett ikkje gjennomførte ei nærmare drøfting av dei kryssande omsyna som gjer seg gjeldande, og dermed heller ikkje gav ei fullgod grunngiving for kvifor det ”må gjelde” eit lojalitetsprinsipp.

Kandidatane bør under dette spørsmålet få fram at lojalitetsprinsippet mellom avtalepanthavarar på ulik prioritet har ei nokså svak rettskjeldemessig forankring. Dei som gjennomfører ei nærmare drøfting av rettskjeldesituasjonen på området, bør få utteljing for det, særleg dersom drøftinga er velbalansert og kritisk.

Spørsmål 2 a)
Oppgåva ber om ein drøfting av kvifor tredjeperson – utfrå eit lojalitetssynspunkt – vart pålagt ei plikt / ein skranke i Yousuf-dommen, men ikkje i John Deere-dommen.

Kandidatane har her vidt spelerom for sjølvstendig tenking og refleksjon. Det bør ved sensuren leggjast vekt på om kandidatane dokumenterer gode analytiske evner og utviser eit forsvarleg skjøn.

Moglege forklaringar på at dommane fekk forskjellig utfall kan til dømes vere:

• Dommane gjeld ulike rettsområde, og det er langt på veg ulike omsyn som gjer seg gjeldande. Også vektinga av omsyna kan vere forskjellig frå rettsområde til rettsområde.
• Det kan kanskje hevdast at den etterståande panthavaren i Yousuf-saka hadde ei sterk forventing om vern av sin rettslege posisjon ettersom denne følgde av avtalen med pantsetjaren, medan den som er part i ein forhandlarkontrakt til ei kvar tid risikerer at motparten seier den opp, og såleis har eit svakare vern for si forventing.
• I lenginga av det førre punktet: Hovudmannen kan seie opp ein forhandlarkontrakt utan at det treng å innebere eit kontraktsbrot overfor den eksisterande einerforhandlaren. Pantsetjaren i Yousuf-saka kunne på si side ikkje låne opp obligasjonen til den føreståande panthavaren utan at det ville innebere eit kontraktsbrot i forhold til den etterståande. Berre i den sistnemnde saka kan ein såleis tale om ”medverking til kontraktsbrot”.
• Ein av dommane – og då helst Yousuf-dommen – kan i prinsippet tenkjast å vere feil og såleis ikkje gi uttrykk for gjeldande rett.
• Lojalitetssynspunkt har fått stadig sterkare gjennomslagskraft. Det kan derfor argumenterast for at John Deere-dommen ville ha fått eit anna utfall i dag. På den andre sida la Høgsterett i dommen stor vekt på omsynet til konkurransefridom og fridomen til å drive næringsverksemd – omsyn som står minst like sterkt i dag som for eittpar tiår sidan. Mest truleg ville derfor resultatet i John Deere-dommen ha blitt det same i dag som i 1984.

Lista er på ingen måte uttømmande. Andre forklaringsmodellar kan vere vel så adekvate.

Spørsmål 2 b)
Kandidatane skal her drøfte og ta stilling til om prinsippet om lojalitet i kontraktsforhold og prinsippet om lojalitet mellom avtalepanthavarar på ulik prioritet kan sjåast som utslag av eit allment formuerettsleg lojalitetsprinsipp.

Heller ikkje her er det noko fasitsvar, og det må vere rom for ulike oppfatningar. Her som elles er kvaliteten på drøftinga viktigare enn konklusjonen.

Kandidatar som ukritisk legg til grunn at det eksisterer eit allment formuerettsleg lojalitetsprinsipp, kan ikkje få utteljing for det. Dei som meiner at det eksisterer eit slikt prinsipp, bør – forutan å grunngi sitt syn – seie noko om innhaldet i prinsippet og kva det inneber i ulike relasjonar. Problemet er gjerne at eit slikt allment prinsipp blir så vagt og innhaldslaust at det ikkje har nokon reell funksjon. Eit prinsipp som går ut på at ein ”i rimeleg grad” eller ”i tilstrekkeleg grad” skal ta omsyn til andre, er lite operasjonelt og gir knapt bidrag til løysing av konkrete rettsspørsmål. Av den grunn kan det reiast spørsmål om det eigentleg har noko for seg å oppstille eit slikt prinsipp, sjå nærmare Garmann og Horn s. 106 flg.

Også om ein avfeiar at det eksisterer eit allment prinsipp som nemnt, er det behov for ei nærmare grunngiving. Å vise til resultatet i John Deere-dommen er ikkje tilstrekkeleg, m.a. fordi dommen har sterke innslag av konkurranserettslege/næringsrettslege synspunkt og såleis ikkje er utprega formuerettsleg. Nokre vil kanskje vise til at det til dels er ulike omsyn som gjer seg gjeldande innafor ulike delar av formueretten og at det av den grunn er vanskeleg å operere med eit allment prinsipp.

Andre vil kanskje fokusere på at det djupast sett er mykje dei same omsyna som gjer seg gjeldande innanfor ulike delar av formueretten. Det handlar m.a. om å verne etablerte interesser, å sikre ei effektiv og rasjonell ressursutnytting og å unngå konfliktar. Ei drøfting basert på meir overordna omsyn som gjer seg gjeldande, bør helst konkretiserast i form av døme på korleis lojalitetsomsyn kjem inn i andre relasjonar enn dei som er hovudtema i oppgåva. Det kan t.d. vere læra om passivitetsverknader, reglane om intervensjonsbetaling, læra om condictio indebiti og ”urimeleg eller uturvande”-standardane i den statiske tingsretten. Ved å vise til denne typen regelsett kan kandidatane i nokon mon underbyggje at det eksisterer eit allment formuerettsleg prinsipp. Men at enkeltreglar innanfor forskjellige delar av formueretten kan vere utslag av eit felles prinsipp, treng ikkje innebere at prinsippet gjeld innanfor heile formueretten. Det kan her vere grunn til å ha ei kritisk haldning.

4. Vurdering

Karaktersetjinga må byggje på ei totalvurdering av det kandidatane presterer på dei to deloppgåvene. Det bør leggjast om lag like stor vekt på del I som på del II. I lys av ordgrensa kan ein ikkje forvente at kandidatane drøftar alle spørsmåla like inngåande.

For å stå, må kandidaten ha forstått kva oppgåva spør etter og vist eit minimum av forståing for dei emna oppgåva omhandlar. Eit minstekrav er at kandidaten har fått med seg hovudinnhaldet i dei to lojalitetsprinsippa, jf. spørsmål 1 a) i både del I og del II. Når det gjeld dei delane av oppgåva som krev meir sjølvstendig tenking og analyse, kan ein ikkje forvente så mykje av kandidatar på dette nivået. Enkelte hovudpoeng bør likevel vere med.

For å få hamne i midtsjiktet (C og D), bør framstillinga bere bod om at hovudlinjene i stoffet er forstått. Det er ikkje krav om at kandidatar på dette nivået gjennomfører særleg djuptgåande drøftingar – det sentrale er at dei dokumenterer jamt god forståing for hovudpunkta i materien. Enkelte feil og manglar kan aksepterast. Kandidatane må dokumentere evne til problematisering og sjølvstendig analyse, særleg dersom det skal vere tale om å gi C.

For å få karakterane A og B, må kandidatane vise større evne til sjølvstendig drøfting og analyse. Kandidatar på dette nivået må jamt over ha eit godt grep om dei spørsmåla oppgåva reiser, men enkelte mindre feil og misforståingar kan aksepterast. Framstillinga bør vere godt strukturert, metoden god og presisjonsnivået forholdsvis høgt. Karakteren A bør reserverast for prestasjonar som klart utmerkar seg både innhaldsmessig, metodisk og språkleg. Det kan samtidig vere grunn til å presisere at ein prestasjon som kvalifiserer til A, på ingen måte treng å vere optimal.

Karaktervurderinga må elles skje på bakgrunn av det som er sagt i punkt 1 ovanfor om oppgåva. Dei delane av oppgåva som føreset stor grad av sjølvstendig tenking og analyse, er truleg best eigna til å skilje kandidatane Dyktige kandidatar vil her kunne briljere, medan svakare kandidatar risikerer å falle gjennom.

Oslo, 28. april 2006

Tore Fjørtoft