English version of this page

Bachelorgrad

Bachelorgrad kan du få etter å ha gjennomført tre års studium på lågare grads nivå. Du kan søkje om opptak til bachelorstudium på grunnlag av fullført vidaregåande skole.

Du kan oppnå bachelorgraden etter tre års studium (180 studiepoeng). Graden oppnår du anten på grunnlag av eit studieprogram eller ved sjølv å setje saman utdanning som tilfredsstiller krava (fritt samansett bachelorgrad).

Bachelorgraden er sett saman av emne på lågare grad, det vil seie emne på 1000-, 2000-, og 3000-nivå. Gradsnamnet avheng av den faglege fordjupinga i graden.

Bachelorgrad på grunnlag av eit studieprogram

Bachelorprogramma til UiO er delte inn i to hovudgrupper:

  • Program som består av emnegrupper på 80 og 40 studiepoeng.
  • Program som består av programdefinerte emne på minst 120 studiepoeng.

I begge gruppene kan det vere høve til å velje frie emne. Minst 60 av studiepoenga i  bachelorgraden må vere avlagde ved UiO. 

Alle bachelorprogram

Fritt samansett bachelorgrad

Ønsker du ein annan fagkombinasjon enn du får i dei ordinære bachelorprogramma på UiO? I mange høve kan du sette saman ein bachelorgrad sjølv, innanfor nokre felles rammer. Les meir om fritt samansett bachelorgrad. 

Påbygging

Bachelorgraden kan byggjast ut til ein mastergrad. UiO tilbyr toårige masterprogram som påbygging for dei fleste bachelorprogramma.

Godkjenning av anna utdanning

Det er mogleg å godkjenne utdanning frå andre institusjoner i ein bachelorgrad ved UiO. Studentar som har utdanning frå fleire institusjonar bør undersøkje krava til bachelorgrad også ved dei andre institusjonane dei har teke utdanning ved.

Publisert 23. apr. 2010 22:37 - Sist endra 21. des. 2022 11:25