Det tidlegare gradssystemet

Dei noverande gradene bachelor, master og ph.d. vart innført i 2003. Dei fleste tidlegare gradene vart utfasa i perioden 2003-2007. 

Lågare grad

Den lågare grada candidatus/candidata magisterii (cand.mag.) vart vanlegvis oppnådd etter 3 1/2-4 års studium på lågare grad.

Normert studietid var 4 år for ei grad med fagleg tyngd i historisk-filosofiske og samfunnsvitskaplege fag eller ei generelt samansett grad. Normert studietid var 3 1/2 år for ei grad med fagleg tyngd i realfag.

Høgare grad

Hovudfagsgradene vart vanlegvis oppnådde etter 1 1/2-2 års studium og gav fordjuping i hovedfaget basert på mellomfaget i cand.mag.-grada. Ein viktig del av hovudfaget var eit sjølvstendig forskingsarbeid i form av ei hovudoppgåve.

Profesjonsutdanningane var integrerte program på 5-7 år. Tre av desse gradene vart vidareførte også etter 2003: cand.med., cand.psychol. og cand.theol.

Doktorgrad

Doktorgradene vart vanlegvis oppnådde etter 3 års studium etter fullføringa av hovedfaget eller andre profesjonsprogram.

Tidlegare grader ved Universitetet i Oslo

Gå til liste over tidlegare grader ved Universitetet i Oslo.

Publisert 28. apr. 2015 17:32 - Sist endret 26. apr. 2016 12:54