English version of this page

Studiepoeng

Studiepoeng seier noko om kor omfattande eit emne er. Dei fleste emna er på 10 eller 15 studiepoeng. Om du studerer heiltid, skal du ta emne som tilsvarer 60 studiepoeng per år.

Studiepoeng viser normert studietid og forventa arbeidsbelasting:

  • Eitt fullt studieår er 60 studiepoeng
  • Eitt semester er 30 studiepoeng
  • Ein bachelorgrad på 3 år er 180 studiepoeng
  • Examen philosophicum og examen facultatum er emne på tilsaman 20 studiepoeng

ECTS

Studiepoenga samsvarer med det europeiske ECTS-systemet (European Credit Transfer and Accumulation System). 1 studiepoeng = 1 ECTS.

European Credit Transfer and Accumulation System (europa.eu)

Vekttal

Vekttal er ei tidlegare brukt måleining for kor omfattande studia er. Eit fullt studieår tilsvarte 20 vekttal. 1 vekttal = 3 studiepoeng.

Publisert 23. apr. 2010 22:58 - Sist endra 6. juli 2022 14:52