Kva lærer du?

I spesialistutdanninga søkjer vi kontinuerleg etter den beste behandlinga basert på biologiske faktorar, tilgjengeleg teknologi og vitskapleg dokumenterte behandlingsmetodar.

Samfunnet har eit kontinuerleg behov for den beste, kunnskapsbaserte behandlinga til pasientane. Spesialistutdanninga gjer deg kompetent til å utføre komplisert og avansert pasientbehandling forankra i vitskapleg og tverrfagleg forståing. Kompetansen er viktig i dei tilfella der allmenntannlegen sin kompetanse ikkje er tilstrekkeleg for å hjelpe pasienten. Du får tett oppfølging av både vitskaplege og kliniske rettleiarar, og du tek aktivt del i forskning.

Læringsmål

Kandidatane skal etter fullført utdanning ha oppnådd følgjande læringsutbyte:

Kunnskaper og ferdigheiter:

  • kunne utføre spesielt krevjande behandling innanfor eige spesialistområde
  • kunne fungere som fagkonsulent/fagrådgivar
  • kunne undervise studentar og anna helsepersonell om adekvate individ- og systemretta tiltak
  • kunne planleggje og gjennomføre etterutdanning innan fagdisiplinen
  • kunne bidra i fagleg utvikling og forsking
  • kunne vurdere faglitteratur kritisk og ta i bruk resultat frå relevant vitskapleg arbeid i klinisk praksis
  • kunne formidle vitskaplege resultat og utføre eige forskingsarbeid
  • kunne fungere som kontakt mellom universitetsmiljøa og helsetenesta

Generell kompetanse:

  • uttrykkje ei reflektert og etisk haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosessar og klinisk arbeid

Sjå òg Programplan (pdf) for læringsutbyttebeskrivingar knytta til dei ulike fagretningane.

Læringsmetodar

Klinisk pasientbehandling, kurs og seminar, praksis og sjølvstudium.
Undervisninga er i all hovudsak obligatorisk, og du må rekne med fulle arbeidsdagar kvar veke.
Faglitteratur og undervisning er på eit skandinavisk språk eller engelsk. 

Studieretningar

Den femårige spesialistutdanninga har ei studieretning:

Den treårige spesialistutdanninga i odontologi  har seks studieretningar.

Publisert 31. jan. 2025 10:37 - Sist endra 6. mars 2026 07:49