Spesialistkandidaten skal etter fullført utdanning vere kvalifisert for:
- utgreiing og behandling av kompliserte og/eller uvanlige tilfelle
- konsultasjons- og rådgivingsfunksjonar
- undervisning av studentar og anna helsepersonell
- fagleg utvikling og deltaking i forskning
- kritisk vurdering av faglitteratur
- å vareta kontakt med universitetsmiljøa og tannhelsetenesta
Studieretningar
Den femårige spesialistutdanninga har ei studieretning:
Den treårige spesialistutdanninga i odontologi har seks studieretningar.
Spesialistgodkjenning
Du må sjølv søkje Helsedirektoratet om autorisasjon som spesialisttannlege.
Det er viktig å lese rettleiinga nøye før søknadsskjema blir fylt ut. Tilgang til søknadsskjema og rettleiing får du på Helsedirektoratets sider for spesialistgodkjenning. Sjølve søknadsskjemaet blir sendt elektronisk via Altinn.
Du kan søkje når som helst så snart du har fullført spesialistutdanninga. For deg som søkjar betyr dette at du må ha tilgang til Altinn anten via Minid eller ein av dei andre alternativa for innlogging. For informasjon om innlogging, sjå nettsida til Altinn på www.altinn.no.
Frå studiar til jobb
- Korleis finne jobben?
- CV, søknad og intervju