Kvifor velje denne retninga?

Ei spesialistutdanning i kjeve-og ansiktsradiologi gjev deg kompetanse til å anvende avansert biletdiagnostikk for å diagnostisere sjukdommar, lidingar og skader i munnhòla, kjevane og ansiktet med tilgrensande delar av ansiktet.

Innhald i studiet 

Spesialistutdanninga i kjeve-og ansiktsradiologi er eit heiltidsstudium over tre år (seks semester – 40 veker per kalenderår, 37,5 timar per veke). Det er på totalt 180 studiepoeng, noko som tilsvarar 180 European Credits (ECTS). Éin ECT utgjer 25-30 timars arbeid.

Innhaldet og omfanget av studiet er i samsvar med dei krava som er beskrivne i "Regler for spesialistutdanning av tannlegar". Utdanninga er eit vitskapleg forankra heiltidsstudium som føreset at undervisarar har minimum spesialistutdanning i kjeve- og ansiktsradiologi og doktorgrad (Ph.d. eller tilsvarande).

Det tilhøyrer kjeve- og ansiktsradiologens samfunnsoppdrag å kunne bruke konvensjonelle og avanserte radiologiske biletmodalitetar optimalt ved diagnostikk, behandlingsplanlegging og oppfølging av pasientar med problemstillingar relatert til tilstandar i tenner, kjevar og tilgrensande strukturar.

Den kliniske rettleiinga i pasientutgreiinga blir gjennomført kontinuerleg i tre år og i stor utstrekking med forholdet 1:1 mellom kandidat og rettleiar, som er spesialistgodkjent og har nødvendig pedagogisk rettleiarkompetanse.

Semesterutvalet til denne utdanninga (SUSp) har i oppgåve å føre tilsyn med gjennomføringa av programmet.

Studiemiljø

Spesialistkandidatane blir ein del av eit lite men tett fagmiljø av studentar og fagpersonar, først og fremst knytt til eige fagmiljø, men òg på tvers av fagretningane. Som student kjem du òg tett på resten av studentane på tannpleier- og tannlegeutdanninga gjennom rettleiarrolla di i klinisk praksis.

Livet som student er meir enn sjølve studieprogrammet du går på. Ved UiO finn du tilbod om trening til gunstig pris, velferdstilbod, studentdemokrati og meir enn 250 studentforeiningar - sjå Livet rundt studiane eller SiO Foreninger.

Spesialistkandidatane er representerte i semesterutvalet SUSp og Programutvalget for studie og studieprogram PSS.

Jobb og vidare studiar 

Etter fullført spesialistutdanning kan du få jobb som tannlegespesialist både i offentleg og privat sektor. Du kan òg velje ein akademisk karriere som forskar eller underviser ved eit universitet. Du har òg høve til å ta ei forskarutdanning. 

 

Publisert 30. jan. 2024 17:51 - Sist endra 18. mars 2025 16:22