Jobb og vidare studiar

Etter fullført spesialistutdanning kan du få jobb som tannlegespesialist innanfor kjeve- og ansiktsradiologi både i offentleg og privat sektor.

Jobb

Etter fullført spesialistutdanning skal du meistre å greie ut tilfelle som kan vere kompliserte og/eller uvanlege, der det er behov for supplerande spesialistkompetanse. Du har eit overordna ansvar for kjeve- og ansiktsradiologiske utgreiingar, inkludert snittbiletundersøkingar.

Som tannlegespesialist kan du velje ein akademisk karriere som underviser/lektor eller rettleiar ved Institutt for klinisk odontologi. Andre aktuelle karrierevegar er:

  • tannhelsetenesta sine kompetansesenter
  • spesialisthelsetenesta
  • konsulentverksemd i fagforeininga eller i den private legemiddelindustrien   
  • kurshaldar for ulike aktørar innan fagområdet 

Vidare studiar

Som tannlegespesialist kan du velje ein akademisk karriere som forskar eller underviser ved eit universitet. Du har òg høve til å ta ei forskarutdanning og arbeide med forskning. Sjå meir om stipendiatstillingar og doktorgradsprogrammet ved fakultetet.


Fra studier til jobb

  • Hvordan finne jobben?
  • CV, søkad og intervju

Se nyttige tips

Publisert 30. jan. 2024 17:51 - Sist endra 18. mars 2025 16:47