Fristar - søkje plass på undervisninga og melde deg til eksamen
Fristane gjeld for deg som alt er tatt opp til studium på UiO. Kva fristar som gjeld for deg avheng av kva du studerer.
Fristar for å søkje plass på undervisninga våren 2021
- Du søkjer plass på undervisninga, får svar og melder deg til eksamen i Studentweb.
- Fristane gjeld midnatt den aktuelle datoen.
- Kva fristar som gjeld for deg avheng av kva du studerer.
Programstudentar som skal ta bacheloremne ved TF, JUS, HF, SV, UV, MED eller emne på profesjonsstudiet i teologi
01.12. | Start for å søkje plass på undervisninga |
08.12. | Frist for å søkje plass på undervisninga og samstundes bli prioritert i opptaket til undervisninga. Svaret blir publisert seinast 14. desember 2020. |
04.01. | Start andre runde for å søkje på emne med ledig plassar - om du ikkje fekk plass på ønska emne i første runde. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
01.02. | Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta |
Programstudentar som skal ta bacheloremne ved MN
01.12. | Start for å søkje plass på undervisninga Merk: Mange bachelorstudentar på MN er førehandsplasserte på undervisninga i obligatoriske emne. |
07.01. | Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 11. januar 2021. |
12.01. | Start for å søkje på emne med ledige plassar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
01.02. | Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta |
Studentar på masterstudiet i rettsvitenskap
01.12. | Start for å søkje plass på undervisninga for noveranda studentar |
08.12. | Frist for å søkje plass på undervisninga for noveranda studentar. Svara blir publisert seinast 14. desember 2020. |
04.01.
|
Start for å søkje plass på undervisninga for nye studentar og andre runde for noverande studentar.
|
14.01. | Frist for å søkje plass på undervisninga. Svara blir publisert seinast 18. januar 2021. |
01.02. | Frist for å melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta |
Studentar på profesjonsstudiet i psykologi
Merk eigne fristar for praksisemne
01.12. | Start for å søkje plass på undervisninga for noverande studentar |
08.12. | Frist for å søkje plass på undervisninga for noveranda studentar. Svara blir publisert seinast 14. desember 2020. |
04.01. | Start for å søkje plass på undervisninga for nye studentar og andre runde for noverande studentar. |
11.01. | Frist for å søkje plass på undervisninga for nye studentar. Svara blir publisert seinast 15. januar 2021. |
Studentar på masterprogram
Fristane for å søkje plass på undervisninga varierer mellom emna, studieprogramma og fakulteta. Som regel må du søkje plass på undervisninga før undervisninga tek til. Du finn informasjon om undervisninga på semestersida til emnet.
01.02. | Frist for å melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta |
Enkeltemnestudentar
08.01. | Kl. 9 Bacheloremne med ledige plassar på TF, JUS, MF, HF, SV og UV opnar for enkeltemnestudentar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
12.01. | Kl. 9 Start for å søkje på emne med ledige plassar på MN for tidlegare og nye enkeltemnestudentar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
01.02. | Frist for å søkje på emne med ledige plassar, melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta. |
Spørsmål?
Kontakt studieinfo-senteret på fakultet.
SV-studentar på masternivå kan kontakte instituttet.
Forkortingar
- TF = Det teologiske fakultet
- JUS = Det juridiske fakultet
- MED = Det medisinske fakultet
- HF = Det humanistiske fakultet
- SV = Det samfunnsvitskapelege fakultet
- UV = Det utdanningsvitskapelege fakultet
- MN = Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
Fann du det du leita etter?
Publisert 2. sep. 2020 09:05
- Sist endra 11. jan. 2021 13:57