Rangeringspoeng på bacheloremne

På emne der du søkjer plass på undervisninga, men ikkje får svar på søknaden med éin gong i Studentweb, kan vi gje deg rangeringspoeng. Poenga skal sikra at programstudentar får plass på undervisninga i emne dei treng i studieprogrammet.

Bacheloremne på TF, JUS, HF, SV og UV

Du får ein av rangeringspoengtypane dersom emnet ligg i utdanningsplanen. Du ser rangeringspoenga i Studentweb etter at søknaden om undervisningsopptak er behandla.

4000 poeng: Emnet er obligatorisk og du må ta det i eitt bestemt semester.

1000 poeng: Emnet er obligatorisk, men det er fleksibelt når du må ta det.

500 poeng: Emnet inngår i ei emnegruppe du er tilknytta og og emnet ligg i planen i same semester som du søkjer plass på undervisninga.

200 poeng: Emnet er valt blant dei valfrie emna i studieprogrammet.

I tillegg får du inntil 180 rangeringspoeng for studiepoeng du har avlagt (eitt rangeringspoeng for kvart studiepoeng). Det blir trekt lodd ved lik poengsum om naudsynt.


Forkortingar
TF = Det teologiske fakultet
JUS = Det juridiske fakultet
HF = Det humanistiske fakultet
SV = Det samfunnsvitskapelege fakultet
UV = Det utdanningsvitskapelege fakultet
 

Publisert 18. mai 2011 12:13 - Sist endra 21. des. 2016 15:49