English version of this page

Utdanningsplan ved UiO

Bruk utdanningsplanen til å planlegge kva emne du skal ta på studieprogrammet du går på. Hald den oppdatert, for vitnemålet ditt blir laga på grunnlag av emna i utdanningsplanen.

Kva kan eg bruke utdanningsplanen til?

  • Planlegg studieløpet på programmet du går på. Fulltidsstudium utgjer 30 studiepoeng pr. semester. Søkjer du plass på emna innan fristane, blir du som er programstudent prioritert i undervisningsopptaket.
  • Sjå emna du har tatt på programmet
  • Sjå emne du har fått godkjend i programmet frå andre lærestader.
  • Sjå kva emne som vil være grunnlaget for grad og komme med på vitnemål.
  • Sjå viktige reglar du må kjenne til når du er student.

Kor finn eg utdanningsplanen min?

  • Du finn utdanningsplanen i Studentweb.
  • Gjer deg godt kjend med programmet før du tek til å leggje emne i planen.

Kva om eg vil endre planen i Studentweb?

  • Vil du flytte eit emne? Trykk på knappen 'Flytt emnet til anna semester'.
  • Det er ikkje alle emne du kan flytte på.
  • Ønsker du å forbedre karakter på eit emne du har teke tidligare, skal du ikkje flytte emnet i planen. Då melder du deg til eksamen ved å trykke på knappen 'Ta emnet på nytt' under det semesteret du tok emnet første gong.
  • På program der det er mange emne å velje blant, kan du ofte ombestemme deg undervegs i studiet om kva for emne du planlegg å ta. På emne du kan slette frå planen, finn du knappen 'Slett emnet frå planen'. 
  • Mange program har eit eller fleire obligatoriske emne. Du kan ikkje slette dei frå planen. På nokre program kan du flytte emna til eit seinare semester ved å trykke på knappen 'Flytt emnet til anna semester'.

Nokre gonger vil studieadministrasjonen endre utdanningsplanen din, til dømes dersom eit emne du har lagt i planen blir lagt ned eller endrar undervisnings- og eksamenssemester.

Forsinka?

Utdanningsplanen varer i utgangspunktet like lenge som normert tid for programmet. Etter det kan du ikkje utan vidare leggje til nye emne og du får ikkje lagra planen.

Kontakt fakultetet dersom du er forsinka i studiet og har bruk for utvida studietid.

Treng du hjelp?

Publisert 1. feb. 2011 13:52 - Sist endret 7. juni 2017 12:28