English version of this page

Slutte på studieprogrammet

Har du bestemt deg for å slutte på studieprogrammet? Meld frå til oss!

Før du sluttar

Dersom du er usikker på om du har valt rett studium, kan du bestille studierettleiing før du seier frå deg plassen din.

Om du ønsker ein annan fagkombinasjon enn studiet ditt tilbyr, kan du i mange høve sette saman din eigen bachelorgrad

Du kan også vurdere andre alternativ, til dømes søkje om permisjon eller nedsett studieprogresjon for en periode.

Kontakt infosenteret ved fakultetet ditt for å bestille studierettleiing.

Korleis gi beskjed

Send oss ein e-post eller eit brev dersom du framleis ønskjer å slutte. Du finn adressa under kontaktinformasjonen til studieprogrammet du går på.

Nokre fakultet har eigne skjema som skal brukast i staden for e-post eller brev:

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Bachelor, årseining, samfunnsøkonomisk analyse og psykologi profesjon:

Trekk frå eksamen

Har du undervisnings- og eksamensmeldingar? Hugs å melde deg av eksamenane du ikkje ønskjer å ta, elles vil du miste eit forsøk. Dette gjer du i Studentweb.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 27. feb. 2012 11:57 - Sist endra 9. aug. 2023 10:09