Denne sida viser korleis du går frå behov til bestilling og montering av digital skilting ved UiO.
Viktig: skjemaet er ikkje ei bestilling
Skjemaet for digital skilting blir brukt til å melde inn behov, avklare løysing og få tilbod frå leverandør.
Opne nettskjemaet: Bestilling av digitale skilt
Tilbodet er ikkje ei bestilling. Leverandøren kan ikkje starte levering eller montering før ein rekvirent eller innkjøpar har lagt inn bestilling i innkjøpssystemet.
Har du ikkje bestillingsrett? Finn rett rekvirent eller innkjøpar i eininga di.
Roller og flyt
Tilbodet går ikkje rett til den som betaler. Sjå tabellen for kven som gjer kva.
| Rolle | Ansvar |
|---|---|
| Behovshavar / kontaktperson | Melder inn behovet og gir praktisk og teknisk informasjon. Ofte kommunikasjonsmedarbeidar. Er ikkje nødvendigvis bestillar. |
| Rekvirent (ofte IT-tilsett) | Tek imot tilbodet frå leverandøren og kvalitetssikrar det. Sender tilbodet vidare til innkjøparen. |
| Innkjøpar i grunneininga | Legg bestillinga inn i innkjøpssystemet med rett kontostreng, og legg tilbodet ved som bilag. |
| Budsjetteigar | Eig kostnaden og gir rett kontostreng. |
| Eigedomsavdelinga | Gir løyve og vurderer bygg, vern, brann, innfesting og fundament. |
| IT-avdelinga | Vurderer nettverk, plassering av spelar og teknisk klargjering. |
| Leverandør (Atea) | Sender tilbod og gjennomfører leveransen når bestillinga er motteken. |
Prosess
- Avklar behov, plassering, innhald og ansvarleg eining.
- Innhent løyve frå Eigedomsavdelinga.
- Avklar straum, nettverk og innfesting.
- Send inn skjema for digital skilting.
- Leverandøren avklarar detaljar og sender tilbod til rekvirenten (ofte IT-tilsett).
- Rekvirenten kvalitetssikrar tilbodet og sender det til innkjøparen med rett kontostreng.
- Innkjøparen legg bestillinga inn i innkjøpssystemet, med tilbodet som bilag.
- Leverandøren får bestillinga og avtalar levering og montering.
- IT-avdelinga klargjer nettverk.
- Leveransen blir kontrollert og godkjend.
Før du sender inn skjema
- Avklar kven som skal betale.
- Finn fram kontostreng.
- Avklar kven som kan leggje inn bestilling i innkjøpssystemet.
- Sjekk om det finst straum og nettverk på staden.
- Oppgi bygg, etasje og romnummer.
- Legg ved bilete av ønskt plassering.
Etter at du har fått tilbod
- Kontroller at tilbodet stemmer med behovet.
- Send tilbodet til rekvirent eller innkjøpar i eininga di.
- Be rekvirent eller innkjøpar leggje inn bestilling i innkjøpssystemet.
- Legg tilbodet ved bestillinga som bilag.
- Bruk rett kontostreng.
- Knyt ordren til rammeavtalen. "ANSK-23-0374"
Kva kostar det
Digital skilting er ei ekstern teneste. Du kjøper utstyret og betaler ein løpande kostnad for drift og lisens.
Lisensen er per boks per månad og dekkjer både drift og Scala CMS. Det kjem inga ekstra brukarlisens for innhaldsadministrasjon.
Utstyret (skjerm og spelar) blir kjøpt.
Enkel starthjelp til innhaldsprodusent er inkludert.
Kurs blir prisa per kurs, ikkje per deltakar. Det løner seg å samle deltakarar frå fleire einingar. Sjå «Kurs og opplæring».
I tillegg kjem meirverdiavgift.
Prisane finn du i Avtalekatalogen. Søk etter "Digital skilting". Rammeavtale: ANSK-23-0374.
Kontakt
Treng du hjelp eller vil melde feil? Leverandøren har døgnopen brukarstøtte og svarar oftast same arbeidsdag. Ha kundenummer 1002810 klart.
E-post: sos@atea.no merk emnet «Digital signage»
Telefon: 03060 kvardager 8-16
Chat kvardager 8-16 (ofte snøggast svar)
UiO har eit eige råd for digital skilting
Her kan du spørje om det meste som gjeld tenesta. Her melder du òg ifrå om du treng å eskalere ei sak hos leverandøren