Kva er Digital skilting
Universitetet i Oslo har ein rammeavtale for digital skilting som er meint å dekke det dei fleste treng av digital informasjonsvising mot tilsette, studentar, gjester og anna publikum.
Digital kanal for å vise informasjon på mellom anna:
- Tradisjonelle infoskjermar
- Innkapsla infoskjermar utandørs
- Digitale dørskilt med kalendervisning for møte- og undervisningsrom
Løysinga som er valt på UiO er Scala. Tenesta blir levert som ei skyteneste (Software as a Service – SaaS) av ein ekstern leverandør og inneber:
- Publisering og planlegging av oppslag i Scala Content Manager
- Leveranse av sanntidsdata frå mellom anna Exchange og TP-kalender til Scala
- 24/7 overvaking og høg oppetid
- Løysinga oppfyller krava til universell utforming
- Energieffektivt utstyr utan synlege leverandørlogoar
Ta i bruk
Digital skilting med Scala på UiO er for tilsette og andre publisistar med eige passord til tenesta.
Kva kan eg legge ut på skjermane?
Bestille skjerm eller dørskilt
For deg som skal skaffe ny infoskjerm eller digitalt dørskilt til eininga di. Bestillinga går via ein rekvirent (ofte IT-tilsett) og innkjøparen i eininga.
Kontakt og support
Treng du hjelp eller vil melde feil? Leverandøren har døgnopen brukarstøtte, og dei fleste førespurnader får svar same arbeidsdag. Ha kundenummer 1002810 klart.
- E-post: sos@atea.no – merk emnet «Digital signage»
- Telefon: 03060 – kvardagar 8–16
Chat – kvardagar 8–16 (ofte snøggast svar) UiO har eit eige råd for digital skilting: digital-skilting@uio.no. Her kan du spørje om det meste som gjeld tenesta, og melde ifrå om du treng å eskalere ei sak hos leverandøren.
UiO har eit eige råd for digital skilting
Her kan du spørje om det meste som gjeld tenesta. Her melder du òg ifrå om du treng å eskalere ei sak hos leverandøren