Digital skilting – Godt skjerminnhald

Korte råd for oppslag som er lette å lese på avstand.

Prinsipp

  • Eitt budskap per oppslag.
  • Lite tekst. Bruk korte overskrifter og få ord.
  • Stor skrift: minst 24 pt.
  • Høg kontrast mellom tekst og bakgrunn.
  • God luft rundt teksten; ikkje fyll heile flata.
  • Rekn med kort lesetid. Oppslaget skal forståast på nokre sekund.
  • Éi tydeleg handling om oppslaget skal føre til noko (t.d. ei nettadresse eller ein QR-kode).

Format

  • 1920 × 1080 pikslar (liggande).
  • JPEG, PNG eller PDF.

Universell utforming

Universell utforming: følg krava i «Universell utforming av innhald».

Relatert

Kontakt

Treng du hjelp eller vil melde feil? Leverandøren har døgnopen brukarstøtte, og dei fleste førespurnader får svar innan same dag.

E-post: sos@atea.no  merk emnet «Digital signage»

Telefon: 03060  kvardager 8-16

Chat  kvardager 8-16 (ofte snøggast svar)

 

UiO har eit eige råd for digital skilting

digital-skilting@uio.no 

Her kan du spørje om det meste som gjeld tenesta. Her melder du òg ifrå om du treng å eskalere ei sak hos leverandøren

Publisert 27. aug. 2026 16:51 - Sist endret 28. aug. 2026 09:09