Før du kan telje opp, må alle stemmer utanfor manntala vere ferdigbehandla, ved å ha blitt godkjend eller avvist av valstyret.
For å telle opp eit val:
- Finn valet du skal telle opp under Administrer valg i eValg. Om du ikkje finn det kan det bety at du ikkje har blitt gitt tilgang til valet.
- Gå til Status-sida til valet.
- Trykk på knappen Start opptelling. Dersom knappen ikkje kan trykkast på, betyr det at nokre stemmesedler må behandlast først, til dømes fordi dei er utanfor manntalet.
- Last inn valnøkkelen i dialogen du får opp, og vent på at eValg tel opp.
- Når dialogen lukkast finn du valresultat, oppteljingsprotokoll og anonyme stemmesetlar under overskrifta Opptelling. Dette forblir tilgjengeleg på statussida til valet.
Etter oppteljinga må valstyret godkjenne valet, før det kan publiserast og arkiverast. Sjå sidene Kva gjer eg med valresultatet? for vidare behandling.