Forvalting av valadministratorar

Informasjon om korleis valadministratorar vert forvalta, inkludert teknisk oppsett.

Alle med UiO-brukar har tilgang til å opprette og administrere val på evalg.uio.no, men det er berre valadministratorar som kan publisere val.

Grupper

Avdeling for Personalstøtte (AP) forvalter kven som kan administrere val på UiO. Fakulteta har det praktiske ansvaret for at sine oversikter over valadministratorar er korrekte og oppdaterte.

Gruppa valgadministratorer gir oversikt over kven som er valadministrator på UiO. Medlemskap i gruppa gir deg tilgangar i eValg, og medlemskap på e-postlista valg-info@admin.uio.no.

Kvart fakultet har si undergruppe, til dømes "valgadministratorer-matnat" og "valgadministratorer-hf", som dei oppdaterer med sine lokale valansvarlege. For å få tilgang i eValg må du difor henvende deg til fakultetet sitt kontaktpunkt for val. Fakultetet står fritt til å bruke si gruppe til anna valrelatert, som tilgang til å redigere nettsider om val og kandidatinnsamling i Nettskjema, og eventuelle undergrupper.

Gruppene kan modererast gjennom Brukerinfo. Sjå meir på hjelpesida om å gje tilgang til publisering.

Rettigheter i eValg

eValg3 har ein enkel rettighetsmodell:

  • Alle som får logga på gjennom Feide kan opprette val. Val er i utgangspunktet skjult frå veljarane, så dette har få konsekvenser. Fordelen av å gje alle tilgang er å gjere det enkelt rundt opplæring, og fleksibilitet i kven som kan opprette val.
  • Den som oppretter eit val kan gje andre brukarar tilgang til å administrere valet. Desse kan vidare gje andre brukarar tilgang. Manntal er direkte kobla til valet, så tilgang til eit val gir implisitt tilgang til valet sine manntal.
  • Alle som er med i gruppa valgadministratorer, direkte eller indirekte, får tilgang til å publisere val som brukaren har tilgang til å administrere. Kvart fakultet har si undergruppe med sine valadministratorar. Å publisere eit val gjer valet synleg for veljarane.
  • Sentralt Valsekretariat skal få tilgang til å administrere alle valg, representert med gruppa valgsekretariatet. Dette for å enklare kunne gripe inn ved behov for innsyn eller bistand.

USIT har systemtilgang, og kan blant anna gje andre tilgang til eit val, ved behov.

Det er ønskeleg å integrere med HR og FS ein gang i framtida for å forenkle manntalsadministrasjonen. Rettighetsmodellen vil måtte bli endra då.

E-postlista

E-postlista valg-info@admin.uio.no er meint for å informere om det som er relevant for alle som er involvert i val på UiO. Dette gjeld blant anna:

  • Endringar i valreglementet
  • Endringar, oppgraderingar og nedetid i eValg-løysinga
  • Viktig, valrelatert informasjon

Sentralt valsekretaraiat eig e-postlista, men den kan brukast av andre, som USIT.

Alle som er medlem i ei av valadministrator-gruppene er automatisk medlem på e-postlista.

Publisert 12. sep. 2019 21:28 - Sist endret 16. juni 2023 04:23