Gje tilgang til å publisere val i eValg

Rettleiing til deg som er valansvarleg og vil gje valadministratorar tilgang til å publisere val i eValg.

Kven har tilgang?

Alle kan opprette val i eValg, men du treng ekstra tilgang for å publisere dei. Å publisere betyr å gjere valet synleg for alle andre.

Tilgangen til å publisere styrast av grupper. Det er vanlegvis dei valansvarlege på fakulteta som har tilgang til å moderere desse gruppene.

Sjå sida forvaltinga av valadministratorar for meir detaljar om rettighetene.

Korleis gjev eg nokon tilgang til å publisere val?

Det er i utgangspunktet valansvarleg ved kvart fakultet, og Sentralt Valgsekretariat, som kan gje andre tilgang til å publisere i eValg.

For å gje tilgang:

  1. Gå til Brukerinfo
  2. Finn gruppa som du kan administrere. Desse gruppene heiter vanlegvis valgadministratorer-FAKULTET, til dømes valgadministratorer-sv.
  3. Meld inn brukarkontoen til den nye valadministratoren i gruppa.

Ved neste pålogging på evalg.uio.no vil den nye valadministratoren kunne publisere val.

Kva om eg ikkje vil gje nokon tilgang til å kunne publisere?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje vil at nokon skal kunne publisere val på eigen hand, til dømes fordi det er eit eingongstilfelle.

Dersom valadministratoren ikkje kan publisere sjølv, må nokon andre som har tilgang bistå dei:

  1. Be den som har oppretta, eller andre som har fått tilgang, om å gje deg admin-tilgang til valet. Dette gjerast på første sida i oppsettet, under Administrative roller. Sjå oppretting av eValg for fleire detaljar.
  2. Når du har tilgang, skal du finne dette valet under Administrer valg i eValg.
  3. Gå inn på valet, og trykk på publiseringsknappen. Sjå Publisere val for meir detaljar.
Publisert 11. nov. 2020 10:06 - Sist endret 8. sep. 2021 12:05